Hopp til innhald

Dvinabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dvinskaja guba)

Dvinabukta (Russisk Двинская губа, Dvinskaja Guba) er ei bukt i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er ei av fire store bukter i Kvitsjøen. Dei tre andre er Mezenbukta, Onegabukta og Kandalaksjabukta. Elva Nordre Dvina er den største elva som renn ut i Dvinabukta, medan dei to største byane ved bukta er Arkhangelsk og Severodvinsk.