Denizli
Denizli | |||
by | |||
Denizli rådhus i sentrum av Denizli
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Provins | Denizli | ||
Høgd | 354 moh. | ||
Koordinatar | 37°46′N 29°05′E / 37.767°N 29.083°E | ||
Areal | 798,75 km² | ||
Folketal | 511 751 | ||
Borgarmeister | Osman Zolan | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 20x xx | ||
Retningsnummer | (0090) 258 | ||
Denizli 37°47′00″N 29°05′47″E / 37.783333333333°N 29.096388888889°E | |||
Kart som viser Denizli.
| |||
Wikimedia Commons: Denizli | |||
Nettstad: www.denizli.gov.tr |
Denizli er ein veksande industriby sørvest i Tyrkia og i austenden av ein elvedal danna av Büyük Menderes. Byen har 511 751 innbyggjarar (2011). Kommunen Denizli er hovudsetet i provinsen Denizli.
Hovudsakleg på grunn av tekstilproduksjon og eksport har Denizli gjennomgått ei merkverdig økonomisk utvikling sidan 1980-åra.[1] Denizli vert ofte nemnd som eit godt døme på ein av byane som vert rekna til «Dei anatoliske tigrane» (tyrkisk: Anadolu Kaplanları), på grunn av det høge utviklingstempoet han har hatt.[2]
Mange turistar vitjar varmekjeldene ved Denizli, Sarayköy, Karahayıt, Pamukkale, Akköy (Gölemezli), Buldan (Yenicekent) og Çardak-distrikta. Vidare ligg fleire ruinbyar nær Denizli, som Hierapolis, Laodicea (den gamle metropol Frygia) og Colossae.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Om sommaren er det særs varmt i byen, medan vintrane kan vere kalde med snø på fjella som ligg kring Denizli. Klimaet om våren og hausten er mildt og den våtaste tida på året.
Vêrdata for Denizli | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 22,3 | 25,9 | 30,8 | 35,8 | 37 | 42,4 | 43,9 | 44,4 | 41,6 | 34,4 | 29,3 | 25,1 | 44,4 |
Gjennomsnittleg maks °C | 10,6 | 11,9 | 15,9 | 20,6 | 26,4 | 31,5 | 34,6 | 34,4 | 29,9 | 23,8 | 16,9 | 11,9 | 22,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,3 | 2,8 | 5,2 | 9,2 | 13,4 | 17,7 | 20,5 | 20,1 | 16 | 11,6 | 6,9 | 4 | 10,8 |
Lågast målte °C | −9,3 | −10,5 | −7 | −2 | 2,7 | 7,9 | 13,1 | 12 | 7,5 | 0,4 | −4,2 | −6,3 | −10,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 80,4 | 73,1 | 65,1 | 57,4 | 39 | 24,6 | 19,6 | 9,8 | 14,8 | 35 | 65,5 | 85,4 | 569,7 |
Gns. solskinstimar i månaden | 114,7 | 120,4 | 176,7 | 204 | 282,1 | 336 | 365,8 | 341 | 276 | 204,6 | 141 | 102,3 | 2 664,6 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weather2[4] |
Namn
[endre | endre wikiteksten]Byen var tidlegare kjend under namnet Denizli Ladik som tyder «Laodicaea ved (inn)sjøen», sjølv om byen ikkje ligg ved kysten. Namnet har hatt fleire ulike skrivemåtar, og kan ha vist til alle dei naturlege kjeldene eller plasseringa til byen på vegen til innsjøregionen i det vestlege Tyrkia.
Kjente folk
[endre | endre wikiteksten]- Ahmet Nazif Zorlu - forretningsmann
- Sezen Aksu - popsongar
- Bayram Şit - olympisk medaljevinnar i bryting
- Cem Bahtiyar - bassist i den Ankara-baserte rockegruppa maNga. (Fødd i Denizli i 1979)
- Hasan Güngör - olympisk medaljevinnar i bryting
- Nezih Altın - fysikar. No busett i Adıyaman.
- Özay Gönlüm - folkesongar (1940–2000)
- Sarp Sanin - rockesongar
- Sıla Gençoğlu - popsongar
- Emrah Alpat - musikar, rockegitarist
- Hasan Ali Toptaş - forfattar
- Ahmet Karcılılèt - forfattar
- Serkan Genç - forfattar
- Tuba Ünsal - skodespelarinne og modell
- Kerem Yılmazer - film-, stemme- og teaterskodespelar
- Tekin Akmansoy - film- og teaterskodespelar
- Selahattin Pınar - klassisk komponist for udi og trommar
- Osman Sınav - produser og regissør, filmmanuskriptforfattar
- Mazhar Müfit Kansu - statsmann, guvernør
- İbrahim Çallı - målar
- Bulut Ara sine - skodespelar
- Aysel Gürel - låtskrivar og skodespelar
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Denizli har offisielle venskapsband med:
- Amasya, Tyrkia
- Bursa, Tyrkia
- Muş, Tyrkia
- Tokat, Tyrkia
- Almelo, Nederland
- Pavlodar, Kasakhstan
- Tbilisi, Georgia
- Brăila, Romania
- Samara, Russland
- Rhodos, Hellas
- Betzdorf, Tyskland
- Mogilev, Kviterussland
- Larissa, Hellas
- Lodz, Polen
- Damascus, Syria
- Jiaozhou, Kina
- Betzdorf, Tyskland
- Sarajevo, Bosnia
- Muan, Sør-Korea
- Kazvin, Iran
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Denizli» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bernard Fingleton, Ayda Eraydın, Raffaele Paci, Bilge Armatlı Köroğlu, Burak Beyhan p. 229 (2003). Regional Economic Growth, SMEs and the Wider Europe ISBN 0-7546-3613-5, Chapter 11: «The changing role of SMEs in the regional growth process: The case of Denizli». Ashgate Publishing.
- ↑ Hüseyin Özgür, Pamukkale University. «Integration of a Local Economy to the Global and European Markets through Export–Led Growth and Specialized Textile Products Export: Home Textile Production in Denizli – Turkey» (PDF). University of Lodz. Arkivert frå originalen (PDF) 30. juni 2007. Henta 22. august 2012.
- ↑ http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=DENIZLI
- ↑ http://www.myweather2.com/City-Town/Turkey/Denizli/Klima-profile.aspx?month=8