Caher Island
Utsjånad
Caher Island Lokalt namn Cathair na Naomh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 53°43′04″N 10°01′39″W / 53.71778°N 10.02750°W
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Mayo
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Caher Island (Cathair na Naomh på irsk) er ei øy utanfor kysten av County Mayo ved Irland. Øya er ikkje busett og ligg mellom den større øya Clare Island og Inishturk. Ho er ein gamal pilegrimstad og vert framleis vitja på grunn av dette. 15. august kvart år, på Jomfru Marias himmelfart, vert det gjort pilegrimsreiser til øya. Namnet på irsk tyder «Helgenane sin by». Ein kan kome til øya med båt frå Inishturk.
Øya har eit gammalt kloster frå tidleg kristendom med restane av eit kapell med fleire graverte heller. På øya ligg òg ein eremitasje etter munkar frå 600-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Caher Island» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2007.