Byen Cebu
Utsjånad
Cebu cebuansk Dakbayan sa Sugbo tagalog Lungsod ng Cebu | |||
Land | Filippinane | ||
---|---|---|---|
Areal | 315,00 km² | ||
Folketal | 964 169 (1. mai 2020)[1] | ||
Byen Cebu 10°17′35″N 123°54′07″E / 10.293°N 123.902°E | |||
Wikimedia Commons: Cebu City |
Cebu er ein by på øya Cebu i Filippinane. Byen, som ligg på austkysten av øya, er hovudstad i provinsen Cebu. I fylgje folketeljinga i 2010 budde meir enn 866 000 menneske i byen.
Byen Cebu er den dominerande skipsfartsbyen i Filippinane, om lag 4/5-delar av dei store reiarlaga held til her. Den store hamna er trafikk- og handelsknutepunkt for ein stor part av landsdelen Visayas.
På jordomseglinga si nådde Fernão de Magalhães og mannskapet hans Cebu den 7. juli 1521. Nokre veker seinare fall han i eit slag på øya Macatan, like ved Cebu. Spania etablerte ein koloni i Cebu i 1565, den fyrste i sitt slag i Filippinane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «2020 Census of Population and Housing (2020 CPH) Population Counts Declared Official by the President». 7. juli 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Cebu City» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2013.