Brightlingsea
Utsjånad
Brightlingsea | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Essex | |
Distrikt | Tendring | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 500 | |
Koordinatar | 51°49′N 1°2′E / 51.817°N 1.033°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CO7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1206 | |
Brightlingsea er ein kystby i grevskapet Essex i England. Han har kring 8500 innbyggjarar og ligg mellom Colchester og Clacton-on-Sea ved munningen til elva Colne.
Tradisjonelle næringar i byen har vore fiskeri (mellom anna østers) og skipsbygging. Etter kvart som desse industriane har hatt nedgang har byen stort sett vorte ein pendlarby for Colchester og ein populær stad for pensjonistar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brightlingsea» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2011.