Bridgeport
Bridgeport | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 50,312475 km² | ||
Folketal | 148 654 (1. april 2020)[1][2] | ||
Bridgeport 41°11′00″N 73°12′00″W / 41.183333333333°N 73.2°W | |||
Wikimedia Commons: Bridgeport, Connecticut |
Bridgeport er ein hamneby sørvest i delstaten Connecticut i USA[3] med 148 654 ibuarar (2020).[4] Han ligg ved utløpet av Pequennock-elva i Long Island-sundet, om lag 80 kilometer nordvest om New York by.[3] Bridgeport er del av eit storbyområde som også omfattar Stamford og Norwalk og til saman har kring 950 000 ibuarar.[3] Folketalet gjekk sakte tilbake fram mot 2000, men har sidan stige til kring 1930-nivå.[3]
Tenesteytande næringar, så som finansverksemd, helsetenester og undervisning, sysselset ein stor del av arbeidsstokken. Tidlegare spelte industrinæringar hovudrolla i økonomien.[3]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Jordbruk og fiske var viktigaste næringsvegane då europeiske folk slo seg ned her i fyrste halvdel av 1600-åra.[3] Ein landsby voks fram på 1760-talet og ekspanderte gjennom handel med kystbyane Boston, New York, Baltimore og med Karibia.[3] Byen fekk namnet Bridgeport i 1800, og vart eit handelssenter, mykje basert på kvalfangst og skipsbygging.[3] Etter det i 1849 kom jarnbane mellom New York og New Haven vart Bridgeport snøgt ein industriby. I tida 1870-1910 var Bridgeport viktigaste industristaden i Connecticut. Her vart framstelt elektrovarer, transportutstyr, maskinverkty, våpen, skrivemaskinar, bildelar og matvarer. Industrinæringane vart sterkt svekka i 1970- og 1980-åra og talet på fattige steig.[3]
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Barnum Museum, til minne om sirkuseigaren Phineas T. Barnum, er ein kjend attraksjon i byen.[3] Bridgeport er elles kjent for mange offentlege parkar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?q=United%20States&tid=DECENNIALPL2020.P1; vitjingsdato: 21. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 Thuesen, Nils Petter (26. januar 2023). «Bridgeport». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «US Census Bureau QuickFacts: Connecticut; Bridgeport». Henta 19. august 2021.