Bobby Moore
Moore i 1969 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Robert Frederick Chelsea Moore[1] | ||
Høgd | 5 ft 10 in[2][3][4] | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Ungdomsklubbar | |||
Barking | |||
1956–1958 | West Ham United | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1958–1974 | West Ham United | 544 | (24) |
1974–1977 | Fulham | 124 | (1) |
1976 | → San Antonio Thunder (loan) | 24 | (1) |
1978 | Seattle Sounders | 7 | (0) |
1978 | Herning Fremad | 9 | (0) |
1981 | Eastern | 0 | (0) |
1983 | Carolina Lightnin' | 8 | (0) |
Totalt | 716 | (26) | |
Landslag | |||
1960–1962 | England U23 | 9 | (2) |
1962–1973 | England | 108 | (2) |
Trenar for | |||
1980–1981 | Oxford City | ||
1982–1983 | Eastern | ||
1984–1986 | Southend United | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Robert Frederick Chelsea Moore, kjend som Bobby Moore (12. april 1941–24. februar 1993), var ein engelsk fotballspelar, verdsmeister med England under VM på heimebane i 1966.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Moore, som var fødd i Barking, debuterte for West Ham United i september 1958. Fram til våren 1974 spelte han 544 ligakampar for London-klubben. Med West Ham vann han FA-cupen i 1964 og Cupvinnarcupen året etter. I mars 1974 vart Moore overført til byrivalen Fulham FC mot 25 000. Våren 1975 spelte Fulham seg fram til finalen i FA-cupen, der klubben møtte nettopp West Ham. Kampen enda med tap 0-2 for Moores nye klubb. Han gav seg i Fulham våren 1977 etter 124 ligakampar, alle i 2. divisjon.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Moore spelte 108 landskampar for England i tida 1962 til 1973, i heile 90 av kampane var han kaptein. Han var med i verdsmeisterskapane 1962, 1966 og 1970. I 1966 fekk han æra av å leie England til VM-siger på Wembley med 4-2 over Vest-Tyskland etter ekstraomgangar. Han skåra to landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1966 for England
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1965 med West Ham United
- Vinnar av FA-cupen: 1964 med West Ham United
- Finalist i FA-cupen: 1975 med Fulham FC
- Finalist i den engelske ligacupen: 1966 med West Ham United
- Britisk meister: 1965, 1996, 1968, 1969, 1971, 1973 for England
Moore døydde i London av kreft, 49 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hugman, Barry J., red. (2005). The PFA Premier & Football League Players' Records 1946–2005. Queen Anne Press. s. 436. ISBN 978-1-85291-665-7.
- ↑ «Bobby Moore – Player Profile – Football». Eurosport UK (på engelsk). Henta 22. august 2022.
- ↑ «Bobby Moore». worldfootball.net (på engelsk). Henta 22. august 2022.
- ↑ Strack-Zimmermann, Benjamin. «Bobby Moore (Player)». www.national-football-teams.com (på engelsk). Henta 22. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Bobby Moore» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2015.