Bob Dylan's Greatest Hits
Bob Dylan's Greatest Hits Samlealbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. mars 1967 | |
Innspelt | 1962–1966 | |
Sjanger | Folkrock, folk | |
Lengd | 40:44 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | John H. Hammond, Tom Wilson, Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Blonde on Blonde (1966) |
Bob Dylan's Greatest Hits | John Wesley Harding (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Bob Dylan's Greatest Hits er det åttande albumet til Bob Dylan på Columbia Records. Det nådde 10. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde 5x platina i USA. Det gjer albumet til eit av hans bestseljande.
Greatest Hits var første albumet sidan Blonde on Blonde i mai 1966 og den kjende motorsykkelulukka hans same sommaren. Dylan hadde vore stille sidan ulukka og det var ingen nye innspelingar på veg. Columbia trong eit nytt produkt for å utnytte populariteten Dylan no hadde oppnådd.
Dette var òg den første singelsamlinga til Dylan i 1960-åra, sidan alle utanom tre songar hadde vore gjevne ut som singlar i USA.
Biletet på omslaget vart teken av Rowland Scherman på ein konsert 28. november 1965 i Washington, D.C.. Albumet fekk ein Grammy-pris i 1967 for «Beste bilete på plateomslag». Sjølv om Dylan visstnok mislikte omslaget, vart det valt ut eit liknande bilete frå Concert for Bangladesh i 1971 for Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, ei samling som Dylan hadde langt meir kontroll over sjølv.
Albumet vart nymastra i 1997 og gjeve ut på ny. Denne utgåva inneheldt ein litt anna miks av «Positively 4th Street». I 2003 vart dette albumet gjeve ut i lag med to andre Dylan-samlingar som boksen Greatest Hits Volumes I-III.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Rainy Day Women #12 & 35» | |
2. | «Blowin' in the Wind» | |
3. | «The Times They Are A-Changin'» | |
4. | «It Ain't Me Babe» | |
5. | «Like a Rolling Stone» | |
6. | «Mr. Tambourine Man» | |
7. | «Subterranean Homesick Blues» | |
8. | «I Want You» | |
9. | «Positively 4th Street» | |
10. | «Just Like a Woman» |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1967 | Billboard 200[3] | 10 |
UK Top 75[4] | 6 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bob Dylan's Greatest Hits» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2010.
- ↑ AllMusic review
- ↑ «RollingStoneAlbumGuide's music». rateyourmusic.com. Henta 8. november 2018.
- ↑ «Bob Dylan – Chart history». www.billboard.com. Henta 18. juli 2017.
- ↑ «Official Chart History». www.officialcharts.com. Henta 18. juli 2017.