Hopp til innhald

Blåkollslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåkollslekta
Blåkoll
Blåkoll
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Blåkollslekta Prunella
L., 1753

Blåkollslekta (Prunella) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Dette er små fleirårige plantar. Nedre delen av stengelen er krypande. Dei har store blomstrar i eit hovud i toppen som kan vera blå eller fiolett eller sjeldnare kvit på farge.

To artar av slekta veks i Noreg:[1][2]

  • Blåkoll (P. vulgaris), livskraftig (LC) i Raudlista 2021[3]
  • Storblåkoll (P. grandiflora), framandart, ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018,[4] vurdert til låg risiko (LO) i den førebels utgåva av Framandartslista 2023[5]
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 974. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre blåkollslekta». Artsdatabanken. 2. mars 2023. 
  3. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023. 
  4. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023. 
  5. «Fremmedartslista 2023 – innsyn». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 2. mars 2023. 

Bakgrunnstoff

[endre | endre wikiteksten]