Babaco
Babaco | |
Systematikk | |
Slekt: | Babaco Vasconcellea Badillo, 1971 |
Babaco (Vasconcellea × heilbornii; syn. Carica pentagona) er ei frukt i papayafamilien. Planten er ein hybrid-kultivar i slekta Vasconcellea. Hybriden blei danna i Ecuador som ei kryssing mellom fjellpapaya (Vasconcellea cundinamarcensis) og toronche (Vasconcellea stipulata).
Babacoplanten blir 5–8 m høg. Han dannar eit lite, urteaktig tre med få eller ingen greiner. Ein plante produserer 30–60 frukter årleg, og lever i gjennomsnitt i åtte år.
Babaco toler kulde betre enn andre plantar i slekta Vasconcellea og den tropiske papayaplanten. Han kan dyrkast opptil 2000 moh., i kjølige subtropiske område og tilmed i kjøligare strøk. Han kan også dyrkast i drivhus med ein minimumstemperatur på 10 °C om natta og 12 °C om dagen.
Ein har klart å dyrka planten så langt sør som i New Zealand og så langd nord som i California, delar av England og Kanaløyane og tildels i Italia (hovudsakleg Sicilia og Calabria).
Frukta er avlang, spiss og femkanta. Ho kan bli opptil to kilo. Fargen er først grøn, og går gradvis over til å bli gul, som er den mogne fargen. Ho har kvitt, mjukt og saftig fruktkjøt og ingen frø. Babaco kan etast naturell med skal, til dømes i ein fruktsalat, pressa til jus eller mosa til smoothie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]
- Babaco, frukt.no
- Denne artikkelen bygger på «Babaco» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kempler C., J.T Kabaluk, M. Nelson.1993. Greenhouse cultivation of babaco (Carica x heilbornii Badillo n.m. pentagona (Heilborn)): Effect of media, container size, stem number, and plant density. NZJ of crop and horticultural Science. 1993 V:21:273-277.
- Kempler C., J.T Kabaluk. 1996. Babaco (Carica pentagona Heilb.): A Possible Crop for the Greenhouse. Hortscience, V:31:5:785-788.
- Babaco Carica Pentagona
- Germplasm Resources Information Network: Vasconcellea ×heilbornii
- California Rare Fruit Growers Babaco fact sheet Arkivert 2018-12-09 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: