Arne Kristoffersson Jørstad
Utsjånad
Arne Kristoffersson Jørstad | |||
Fødd | 5. desember 1782 Fåberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 17. desember 1874 (92 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Arne Kristoffersson Jørstad (5. desember 1782–17. desember 1874) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Fåberg i Oppland. Han var farfar til Thomas Jørstad.
Far hans var gardbrukar i Fåberg. I 1808-09, 1812 og 1814 var Jørstad utkommandert til hæren. Der gjorde han teneste som grensevakt og deltok ved transportar. Han tok i 1809 over farsgarden og dreiv han til han skøytte han vidare.
Jørstad var valmann 1814-30. I 1827 var han 3. varamann til Stortinget, sjølv vart han vald til stortingsmann og representerte Kristians amt på Stortinget 1830. Han var då medlem av bankkomiteen.
Jørstad var forlikskommissær 1822-48, og varaordførar 1838-39 i det fyrste heradsstyret i Fåberg.
Han døydde på slektsgarden i Fåberg i 1874.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914