Anybody Seen My Baby?
Anybody Seen My Baby? Singel av The Rolling Stones frå albumet Bridges to Babylon | ||
Utgjeve | 22. september 1997 | |
Innspelt | Mars til juli 1997 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Mick Jagger Keith Richards k.d. Lang Ben Mink | |
---|---|---|
Produsent | Don Was, The Dust Brothers & The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Like a Rolling Stone» (1995) |
Anybody Seen My Baby? | «Saint of Me» (1998)
|
«Anybody Seen My Baby?» er ein song av det engelske rockebandet The Rolling Stones frå albumet Bridges to Babylon frå 1997.
Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards, men er òg tilskriven K.D. Lang og Ben Mink.[1] Refrenget på songen er særs likt songen «Constant Craving» av K.D. Lang frå 1992. Jagger og Richards hevda dei aldri hadde høyrt denne songen før, og då dei oppdaga dette før songen deira kom ut, vart dei forbløffa over kor like dei var. Dei gjorde då slik at songen òg vart tilskriven Lang og medlåtskrivaren hennar Mink, for å unngå mogelege søksmål. Seinare har Lang sat ho vart smigra og då ho oppdaga dette.
«Anybody Seen My Baby?» er ein typisk song for Bridges to Babylon-perioden til Stones. Han syner fleire inspirasjonskjelder og inneheld ei sampling av hip-hop-gruppa Biz Markie, som ein av få songar av The Rolling Stones. Bass og keyboard på songen vart spelt av Jamie Muhoberac, medan Waddy Wachtel spelar akustisk gitar. Songen har ei særeigen R&B-kjensle, driven fram av bassen til Muhoberac. Jagger, Richards og Wachtel spelar elektrisk gitar.
Songen vart ein stor hit i 1997 og nådde Topp 20 i Europa og tredjeplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks. Musikkvideoen vert kanskje best hugsa for ei topplaus Angelina Jolie, like før ho vart kjend som skodespelarinne. Ho spelar ei stripperske som vandrar rundt i New York City.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anybody Seen My Baby?» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «ANYBODY SEEN MY BABY». ACE Title Search. American Society of Composers, Authors og Publishers. Arkivert frå originalen 23. mai 2011. Henta 29. mars 2009.
- ↑ "The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby? – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby?" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=793&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Finnishcharts.com – The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby?". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - Anybody Seen My Baby?". Charts.de. Media Control. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby?" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby?". VG-lista. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Swedishcharts.com – The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby?". Topp 60. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Anybody Seen My Baby? – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 30. mars 2018.
- ↑ «RPM Top 100 Hit Tracks of 1997». RPM. Henta 30. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rolling Stones-songar
- Songar frå 1997
- Singlar frå 1997
- Songar skrivne av Jagger/Richards
- Songar skrivne av Ben Mink
- Songar skrivne av k.d. lang
- Songar produserte av Don Was
- Songar produserte av The Glimmer Twins
- Songar produserte av Dust Brothers
- Virgin Records-singlar
- Musikkvideoar regisserte av Samuel Bayer
- Nummer-ein-singlar i Canada