American Board of Commissioners for Foreign Missions
Utsjånad
American Board of Commissioners for Foreign Missions (ABCFM) var ein amerikansk misjonsorganisasjon. Ideen til organisasjonen kom frå nokre avgangsstudentar ved Williams College i USA i 1806. Dei tok han med seg til Andover Theological Seminary og stifta organisasjonen formelt i 1810 i Boston i Massachusetts. I 1812 vart dei første misjonærane sende til India.
I 1961 vart ABCFM slegen saman med andre kyrkjeorganisasjonar og vart til United Church Board for World Ministries.
Organisasjonen var tidleg ute med misjonsverksemd i Sør-Afrika der dei byrja i 1835 og dreiv misjonering i Zululand frå 1841 til 1843.
Referanse
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Simensen, Jarle (red.) (1984). Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900. Trondheim: Tapir. ISBN 82-519-0643-1. Side 210-211.
- Engelsk Wikipedia
- harwich.edu Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- tatumweb.com
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Steed, Christopher (2000). History of the Church in Africa. Port Chester, NY, USA: Cambridge University Press. Side 363. [1]
- Wilbert R Shenk (redaktør) (2004). North American Foreign Missions, 1810-1914. Wm. B. Eerdmans Publishing. ISBN 0-8028-2485-4. Side 11 og utover. Kan søkast gjennom[daud lenkje] på Google Print.
- Encyclopedia of Protestantism. Routledge (UK), 2003. ISBN 0-415-92472-3. Frå side 40. Kan søkast gjennom[daud lenkje] på Google Print.
- Tracy, Joseph (1842). History of the American Board of Commissioners for Foreign Missions. New York: M. W. Dodd.