Alex Costa
Alex Costa | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 17. juni 1982 (42 år) Niterói |
Idrett | fotball |
Alex Rodrigo Dias da Costa (fødd 17. juni 1982 er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar. Han var ein stor og sterk midtstoppar, som etter tur hadde stor suksess med Santos i heimlandet, PSV i Nederland, Chelsea i Storbritannia og PSG i Frankrike.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Alex slo gjennom i Santos FC, ein klubb han vann to seriemeisterskap med. Frå sommaren 2004 spelte han på den nederlandske storklubben PSV Eindhoven i tre sesongar, og vart seriemeister alle tre sesongane. Ved sesongstart i august 2007 var han på plass i London-klubben Chelsea FC. Med laget frå den britiske hovudstaden tapte han meisterligafinalen 2008, før det vart triumfar i FA-cupen 2009, Premier League 2010 og FA-cupen 2010. Mot £4,2 millionar vart han i januar 2012 overført til Paris Saint-Germain, der var han med om å vinne den fransk toppserien dei neste to åra. Etter kontrakten med PSG gjekk ut i 2014, spelte han to sesongar for AC Milan i Italia.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Alex spelte 17 landskampar for Brasil i tida 2003-08. Høgdepunktet var triumfen i Copa América 2007.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Copa América: 2007 med Brasil
- Seriemeister i Brasil: 2002 og 2004 for Santos FC
- Seriemeister i Nederland: 2005, 2006, 2007 for PSV Eindhoven
- Ligameister i England: 2010 for Chelsea FC
- Ligameister i Frankrike: 2013 og 2014 for PSG
- Cupvinnar i Nederland: 2005 for PSV Eindhoven
- Vinnar av FA-cupen: 2009 og 2010 for Chelsea FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alex (footballer, born June 1982)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2022.