Aktive Fiskarar
Utsjånad
Aktive Fiskarar var eit politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1936 i landkrinsane i Møre og Romsdal. Partiet var i listeforbund med Høgre. Det fekk 1,5 % av røystene i valkrinsen og vart dermed ikkje representert på Stortinget.