Hopp til innhald

Den afrikanske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå AU)
Den afrikanske unionen
Offisielle språk Arabisk, engelsk, fransk, portugisisk, spansk, swahili (også alle andre språk i Afrika)
Leiar for Den afrikanske unionen Mohamed Ould Ghazouani
Areal
 – Totalt

29,797,500 km2
Grunnlagd
Som OAU
 – Ikraftsett

Som AU
 – Ikraftsetting


 – 25. mai 1963


 – 9. juli 2002

Tidssone UTC -1 til +4
Nasjonalsong «Let Us All Unite and Celebrate Together»
Toppdomene Ikkje standardisert.

Den afrikanske unionen (AU) er ein samarbeidsorganisasjon for statane i Afrika og vart danna 9. juli 2002 i Durban i Sør-Afrika. AU etterfølgjer den tidlegare samarbeidsorganisasjonen Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) og har som mål å verta ein meir langtgåande politisk og økonomisk eining enn denne. AU skal fremje demokrati, menneskerettar og utvikling i Afrika. Den fyrste leiaren i organisasjonen var Sør-Afrika sin president Thabo Mbeki. Tanken om ein afrikansk union vart til av Libya sin leiar Muammar al-Gaddafi i 1999. Han vert rekna som hovudarkitekten bak unionsprosjektet.

AU har forlate OAU sitt prinsipp om ikkje-innblanding i statane og skal saman danne ein felles fredsstyrke. Den endra politikken har mellom anna resultert i militært nærvær i Darfur i Sudan og Komorane.

Den afrikanske unionen har 55 medlemmar som omfattar nesten heile det afrikanske kontinentet. Marokko valde lenge å stå utanfor, fordi Vest-Sahara, som det gjer krav på, er medlem. Den 30. januar 2017 kom Marrokko likevel inn som medlem.[1]

På grunn av militærkupp, har følgjande land vorte mellombels suspenderte frå unionen: Burkina Faso, Gabon, Guinea, Mali, Niger og Sudan.

Nr. Stad Dato
Frå Til
1 Flagget til Sør-Afrika Durban i Sør-Afrika 9. juli 2002 11. juli 2002
2 Flagget til Mosambik Maputo i Mosambik 10. juli 2003 11. juli 2003
Flagget til Libya Sirte i Libya Februar 2004 (omframt møte)
3 Flagget til Etiopia Addis Abeba i Etiopia 6. juli 2004 8. juli 2004
4 Flagget til Nigeria Abuja i Nigeria 24. januar 2005 31. januar 2005
5 Flagget til Libya Sirte i Libya 28. juni 2005 5. juli 2005
6 Flagget til Sudan Khartoum i Sudan 16. januar 2006 24. januar 2006
7 Flagget til Gambia Banjul i Gambia 25. juni 2006 2. juli 2006
8 Flagget til Etiopia Addis Abeba i Etiopia 22. januar 2007 30. januar 2007
Nr. Leiar Innsett Forlét stillinga
1 Flagget til Sør-Afrika Thabo Mbeki 9. juli 2002 10. juli 2003
2 Flagget til Mosambik Joaquim Chissano 10. juli 2003 6. juli 2004
3 Flagget til Nigeria Olusegun Obasanjo 6. juli 2004 24. januar 2006
4 Flag of the Republic of the Congo Denis Sassou-Nguesso 24. januar 2006 24. januar 2007
5 Flagget til Ghana John Kufuor 30. januar 2007 31. januar 2008
6 Flagget til Tanzania Jakaya Kikwete 31. januar 2008 2. februar 2009
7 Flagget til Libya Muammar al-Gaddafi 2. februar 2009 31. januar 2010
8 Flagget til Malawi Bingu wa Mutharika 31. januar 2010 31. januar 2011
9 Flagget til Ekvatorial-Guinea Teodoro Obiang Nguema Mbasogo 31. januar 2011 29. januar 2012
10 Flagget til Benin Yayi Boni 29. januar 2012 27. januar 2013
11 Flagget til Etiopia Hailemariam Desalegn 27. januar 2013 30. januar 2014
12 Flagget til Mauritania Mohamed Ould Abdel Aziz 30. januar 2014 30. januar 2015
13 Flagget til Zimbabwe Robert Mugabe 30. januar 2015 30. januar 2016
14 Flagget til Tsjad Idriss Déby 30. januar 2016 30. januar 2017
15 Flagget til Guinea Alpha Condé 30. januar 2017 28. januar 2018
16 Flagget til Rwanda Paul Kagame 28. januar 2018 10. februar 2019
17 Flagget til Egypt Abdel Fattah al-Sisi 10. februar 2019 10. februar 2020
18 Flagget til Sør-Afrika Cyril Ramaphosa 10. februar 2020 6. februar 2021
19 Det kongolesiske flagget Félix Tshisekedi 6. februar 2021 5. februar 2022
20 Flagget til Senegal Macky Sall 5. februar 2022 18. februar 2023
21 Det komoriske flagget Azali Assoumani 18. februar 2023 17. februar 2024
22 Flagget til Mauritania Mohamed Ould Ghazouani 17. februar 2024
  1. «Morocco rejoins African Union». Worldbulletin. 30. januar 2017. Henta 31. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Den afrikanske unionen
  • Edit this at Wikidata