12 X 5
12 X 5 Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. oktober 1964 | |
Innspelt | 25. februar, 12. mai, 10–11. og 24–26. juni, 2. og 28–29. september 1964; | |
Studio | Chess i Chicago i USA og Regent Sound Studios i London i Storbritannia | |
Sjanger | Bluesrock, rock | |
Lengd | 30:50 | |
Selskap | London Decca, Abkco | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers) (1964) |
12 X 5 | The Rolling Stones, Now! (1965)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
MusicHound | [3] |
12 X 5 er det andre albumet The Rolling Stones gav ut i USA i 1964 etter det populære debutalbumet The Rolling Stones i Storbritannia og den amerikanske utgåva England’s Newest Hit Makers.
12 X 5 var som debutalbumet spekka med R&B-songar skrivne av andre artistar, men inneheld likevel tre songar av Mick Jagger/Keith Richards, samt eit par songar skrivne av heile bandet under pseudonymet «Nanker Phelge».
Etter ei rekkje innspelingar i Chicago i juni 1964 gav det britiske selskapet til The Rolling Stones, Decca Records, ut EP-en. Sidan EP-ar aldri var eit lukrativt format i USA, spreidde den amerikanske distributøren deira, London Records, songane frå EP-en utover eit heilt album, og la til sju songar ekstra. Det var då tolv songar på albumet, spelt av dei fem medlemmane i bandet, dermed tittelen 12 X 5 («12 by 5» eller «12 av 5»). Decca nytta det same omslaget (bortsett frå skrifta) på det neste britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2, tidleg i 1965.
12 X 5 gjorde det betre enn England’s Newest Hit Makers, og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Around and Around» (opphavleg på Five by Five EP) | Chuck Berry | 3:03 |
2. | «Confessin' the Blues» (opphavleg på Five by Five EP) | Jay McShann, Walter Brown | 2:46 |
3. | «Empty Heart» (opphavleg på Five by Five EP) | Nanker Phelge | 2:35 |
4. | «Time Is on My Side» | Norman Meade | 2:50 |
5. | «Good Times, Bad Times» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:32 |
6. | «It's All Over Now» | Bobby Womack, Shirley Womack | 3:27 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «2120 South Michigan Avenue» (opphavleg på Five by Five EP) | Nanker Phelge | 2:03 |
8. | «Under the Boardwalk» | Arthur Resnick, Kenny Young | 2:48 |
9. | «Congratulations» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:28 |
10. | «Grown Up Wrong» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:04 |
11. | «If You Need Me» (opphavleg på Five by Five EP) | Robert Bateman, Wilson Pickett | 2:03 |
12. | «Susie Q» | Eleanor Broadwater, Stan Lewis, Dale Hawkins | 1:51 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
[endre | endre wikiteksten]- Mick Jagger – solovokal, munnspel, perkusjon
- Keith Richards – akustisk og elektrisk gitar, korvokal
- Brian Jones – elektrisk og akustisk gitar, munnspel, tamburin, maracas, orgel på «If You Need Me»,[4] korvokal
- Charlie Watts – trommer
- Bill Wyman – bassgitar, korvokal, perkusjon
Andre musikarar
[endre | endre wikiteksten]- Ian Stewart – piano, orgel
Salslister
[endre | endre wikiteksten]12 X 5 selde betre enn England's Newest Hit Makers, nådde tredjeplassen i USa og selde raskt til gullplate.
- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1964 | Billboard 200[5] | 3 |
- Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1964 | «It's All Over Now» | Billboard Hot 100[5] | 26 |
1964 | «Time Is on My Side» | Billboard Hot 100[5] | 6 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Land | Organisasjon | Salstrofé (grense) |
---|---|---|
USA | RIAA | Gull |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «12 X 5» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2009.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018
- ↑ https://www.bbc.co.uk/music/reviews/3whf/
- ↑ If You Need Me - Lyrics
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «The Rolling Stones – Awards». Allmusic. Henta 25. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rolling Stones 12 X 5 Arkivert 2006-09-26 ved Wayback Machine.