Hopp til innhald

L'essenziale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
«L'essenziale»
Eurovision Song Contest 2013
Land Italia
Artist(ar) Marco Mengoni
Språk italiensk
Komponist(ar) Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis
Låtskrivar(ar) Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis
Resultat
Italia i Eurovision Song Contest
«L'amore è femmina»
(2012)
«L'essenziale»

«L'essenziale» (italiensk for Den viktige) er det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på italiensk av Marco Mengoni. Songen er skriven av Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis.

Eurovision Song Contest 2013

«L'essenziale» vart fyrst framført av Marco Mengoni 12. februar 2013 under 63° Festival della Canzone Italiana di Sanremo 2013. I finalen 16. februar 2013 vann songen med 36 prosent av røystane i den siste delen av tevlinga, og det vart samstundes annonsert at Mengoni ville representere Italia i Eurovision Song Contest 2013.[1] 18. mars 2013 vart det annonsert at «L'essenziale» vil vere det italienske bidraget.[2] Sist gong Italia sendte vinnarsongen i Festival della Canzone Italiana di Sanremo til Eurovision Song Contest var i 1997. Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen slapp Italia å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Italia fekk delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.

Kjelder

Fotnotar

  1. «It's Marco Mengoni for Italy!» (på engelsk). Eurovision.tv. 17. februar 2013. Henta 27. mars 2013. 
  2. «Italy to perform Sanremo winner in Eurovision» (på engelsk). Eurovision.tv. 18. mars 2013. Henta 27. mars 2013. 

Mal:Italienske songar i Eurovision Song Contest