Hopp til innhald

Diskusjon:Persisk: Skilnad mellom versjonar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Christie (diskusjon | bidrag)
Forvirring over morsmålstal
Christie (diskusjon | bidrag)
Line 198: Line 198:
== Forvirring over morsmålstal ==
== Forvirring over morsmålstal ==


Her står det at over 50 % av befolkinga i Iran har persisk som morsmål, medan det på sida om Iran står at det er 22 mill. som snakkar det. Er det forskjell på morsmål og det å snakke det? Det er over 68 mill. innbyggjarar i Iran.
Her står det at over 50 % av befolkinga i Iran har persisk som morsmål, medan det på sida om Iran står at det er 22 mill. som snakkar det. Er det forskjell på morsmål og det å snakke det? Det er over 68 mill. innbyggjarar i Iran. --[[Brukar:Christie|Christie]] 20:55, 15 januar 2007 (CET)


--[[Brukar:Christie|Christie]] 20:55, 15 januar 2007 (CET)
:På tysk wikipedia bruker dei tala 35-40 mill. som har persisk som morsmål i Iran. Tar opp dette på diskusjonssida til Iran og. --[[Brukar:Christie|Christie]] 21:39, 15 januar 2007 (CET)

Versjonen frå 15. januar 2007 kl. 21:39

Flytte sida?

På norsk heiter vel språket persisk, ikkje farsi?
Eg gjer framlegg om å flytta artikkelen til Persisk.

Det persiske ordet farsi er blitt ganske vanleg i norsk daglegtale (spesielt etter at det «lurte» seg inn i Tanums store rettskrivningsordbok i 1983). Men Norsk språkråd meiner framleis at persisk er den rette nemninga på norsk, ettersom det ikkje finst tradisjon i norsk for å nytta språks eigne namn på seg sjølve.

Ein logisk konsekvens av å seia «farsi» på norsk, ville vera å òg seia «deutsch» istadenfor tysk, «hajots lezu» istadenfor armensk, osb. (Nordmenn med bakgrunn frå desse landa gjer kanskje dét – og dét er heilt greitt som ei muntleg form – men det gjer ikkje desse framandorda til norsk standard.) Viss dette var normen, burde dessutan persarane (og alle andre) seia «norsk» om norsk og ikkje omsetja namnet på språket vårt til sitt eige tungemål.

Iranaren Mano Amarloui har forøvrig kalla ordboka si Norsk-persisk ordbok.
--Verdlanco\ordskifte 31. des. 2005 kl. 13:21 (UTC)

Det heiter òg farsi. Det er vel slik at me bruker fornorska ord om dei språka me historisk har hatt mykje erfaring med på norsk. Språk me er komne i kontakt med seinare får gjerne behalda sjølvnamnet sitt, slik som urdu og quechua. -- Ranveig 31. des. 2005 kl. 13:37 (UTC)
Språkrådet har ifølgje siste nummer av organet Språknytt aldri godkjent forma farsi. Eg registrerer at den forma likevel er å finna både i Nynorskordboka og i Språkrådets eiga liste over språknamn. Dette tyder gjerne på litt meiningssprik i rådet?
Eg tviler på at kva tid me er komne i kontakt med språket har innverknad på kva namn me nyttar på språket. Eit språk som høyrer til (er einerådande blant) folket i eit land, har vanlegvis adjektivisk form, slik som gresk, engelsk osb. (Forma persisk syner jo nettopp at nordmenn har hatt kontakt med dette språket i relativt lang tid, iallfall sidan før landet bytte namn på norsk frå Persia til Iran.) Latin, urdu, esperanto, mandarin og andre språk der brukargruppa ikkje fell saman med folkesetnaden i eit bestemt land, har fått namn som ikkje kan nyttast som adjektiv. Det er vel dette som burde vera utgangspunktet i valet mellom persisk og farsi?
--Verdlanco\ordskifte 31. des. 2005 kl. 14:00 (UTC)
Veldig einig, flytt sida til persisk. --KRISTAGAα-ω 31. des. 2005 kl. 15:37 (UTC)
Persisk kan no vera så mangt (jfr. persiske teppe), men farsi/dari/tadjik er eitt av språka i Iran (der det finst mange andre språk, inkludert kurdisk, som i praksis er undertrykte), Afghanistan og Tadjikistan. Ser ikkje at farsi er så mykje verre enn pasjto, urdu, hindi, panjabi, sindhi, marathi, kannada, oriya, jiddisch, swahili, sanskrit, telugu, ladino, latin, osv. Eg synest at å snakke om språket persisk blir litt som å snakke om språket indisk... Rettnok ikkje like ille, men det skjer no litt i augo. -- Olve 31. des. 2005 kl. 18:38 (UTC)
Russisk er eitt av språka i Russland (der det finst mange andre språk, inkludert tsjetsjensk, som i praksis er undertrykte), Ukraina og Tadsjikistan.
Norsk er eitt av språka i Noreg (der det finst fleire andre språk, inkludert samisk, som i praksis er undertrykte).
Som du ser: Dette argumentet kan brukast om nær sagt alle språk. Me kan ikkje endra dei tradisjonelle namna på nasjonalspråka over natta av den grunn.
Eg pla bruka ordet farsi sjølv, men Språkrådet si utgreiing om ordet har overtydd meg om at dét er uturvande «snobberi» for slike som meg, som ikkje har persisk bakgrunn. So no seier eg persisk, slik foreldregenerasjonen min gjorde, og meiner nøyaktig det same som dei som er «moderne» og seier farsi. (Eg føler ingen trong til å «retta» på dei som seier farsi; det er heilt greitt for meg, på line med dialektord. Det bør òg vera med i Wikipedia, men kanskje heller som omdirigering til persisk språk enn som hovudtittel på artikkelen om språket.)
Viss eg bruker ordet persisk, tyder det ikkje at eg reknar dei som snakkar dét språket for meir «ekte» eller «fullverdige» iranarar enn dei som snakkar eitt av dei undertrykte språka. (Eg kan ikkje persisk, men det skulle ikkje undra meg om farsi på persisk opprinneleg berre var brukt om ein «språkelite» i Iran, og at det slik sett eigentleg er endå mindre dekkjande for alle brukarane av språket enn ordet persisk.) Eg treng ikkje eit nytt ord (farsi) for å kunne skilja mellom persisk (språket) og iransk (det som kjem frå landet Iran) – eg kan seia «persisk er eitt av fleire iranske språk» nett som «urdu er eitt av fleire indiske språk» – men eit slikt skilje manglar me for dei fleste andre nasjonalspråk, so når eg tenkjer meg om, er vel persisk faktisk det siste språket me treng eit nytt ord for, he he. :-)
--Verdlanco\ordskifte 1. jan. 2006 kl. 20:16 (UTC)
  1. Du skreiv tidlegare om Språkrådet si fråråding av farsi og om at argumentasjonen er: “ettersom det ikkje finst tradisjon i norsk for å nytta språks eigne namn på seg sjølve”. Denne argumentasjonen held ikkje mål i høve til observerte data: Det finst absolutt ein slik tradisjon. Pasjto, urdu, hindi, sindhi, panjabi, sanskrit, bengali, kannada, telugu, koda, romani (eit språk med lange tradisjonar i Noreg), ladino, ainu og swahili er berre nokre få av den lange rekkja av språknamn som fullstendig falsifiserer dette argumentet.
  2. Eit argument som har vore bruka mot farsi som språknamn er at farsi er eit arabisk ord og at det heiter pārsi på farsi. Men dette er òg unøyaktig: Forma «pārsi» er svært sjeldan bruka av farsitalande, som heller seier «fārsi».
  3. Å ty til ord som «snobberi» er vel uturvande...? Eller kanskje til og med eit ørlite grann sno— [stoppa meg sjølv der ;-P )
  4. For å kunna avgjera kva som er rett namn på artikkelen, så bør vi finne ut nøyaktig kva språk vi snakkar om her. Snakkar vi berre om språkforma som kjem frå delar av Iran (men mykje mindre delar, relativt sett, enn dei hovudsakleg norskspråklege delane av Noreg) og som regimet der har vedteke som einaste offisielle språk? Inkluderer vi dari der? Tadjiki/tadsjikisk? Ambisjonen vår er jo å dekkje alle språk med tida. Det tyder at vi lyt vera svært nøyaktige her.
  5. Du seier: «eg kan seia ‘persisk er eitt av fleire iranske språk’ [...]». Men meiner du da iranske språk (ei undergruppe av indoiranske språk i fleire land frå Tyrkia til India) eller språk i Iran (inkluderer ymse altaiske språk og semittiske språk)? Desse har nemleg ikkje heilt same tydinga...
  6. «Persisk» er namnet som foreldra dine brukte om det/dei som kom frå Persia. Iransk er eit nytt ord — minst like nytt som «farsi» på norsk...
Berre nokre tnkar i farten for no... -- Olve 1. jan. 2006 kl. 23:30 (UTC)
Berre so det er sagt: Eg er ikkje usamd i noko av det Olve skriv her. Men dét me skulle diskutera her, er kva for ein tittel hovudartikkelen om språket farsi skal ha i Wikipedia.
Når eg brukte ordet «snobberi», meinte eg å referera til meg sjølv, ikkje alle brukarar av det nye ordet. For dei med meir kjennskap til iranske språk og kulturar, kan det vera heilt naturleg å seia farsi. Som fagleg termin i lingvistikken har ordet farsi sikkert òg ein funksjon. Men i vanleg norsk er det vel få som skil mellom tydinga av farsi og dét som til alle tider har vore kalla persisk språk?
--Verdlanco\ordskifte 2. jan. 2006 kl. 07:40 (UTC)
Eg prøvde no berre å få diskusjonen inn på fagleg spor; snobberi er no verken bra eller dårleg i seg sjølv. Det vi lyt bry oss om her er å skrive oppslagsverk — og å passe på at det blir så nøyaktig, omfattande og etterretteleg som muleg. Spørsmålet mitt blir i grunnen kva som blir det rettaste omgrepet for dette språket både i høve til andre språk i området og i høve til så mange fagfelt som muleg, inkludert lingvistikk og historie. Har ikkje noko «endeleg syn» frå meg enno — vil gjerne sjå kva for faglege argument som kjem opp for og mot dei ulike alternativa først. For min eigen del så må eg seie at persisk språk er det eg er vand med å bruke om tidlegare århundre (gjerne kring mellomalderen), og farsi er namnet eg er vand med å bruke om det ein elles kunne kalle nypersisk språk. Og så har vi det gamle språket avestisk da, som nærmast må seiast å vera «urpersisk»... :-) -- Olve 2. jan. 2006 kl. 07:58 (UTC)
Prinsipielt meiner eg, her som i andre tilfelle, at der vi har norske namn skal vi bruke dei. Eg ser også ein annan grunn til å halde på dette prinsippet (og bruke persisk), nemleg at der vi har to namn, vil vi gje dei ulike namna ulik tyding. Olve gjev døme på det, når han bruker namnet persisk om språket i mellomalderen, og farsi om språket i dag. Språkhistorisk sett er det ikkje nokon grunn til det, språket er det same (minus språkendringar, som alle språk kan vise til). Det er eit samband mellom Iran i dag og det gamle Persia, det å halde på same språknamet for det same språket får fram det. Vi kallar også tysk tysk og finsk finsk. Uttalemessig er det også problematisk: -rs- -kombinasjonen blir i mange norske dialektar uttalt som -ʃ- (som i persisk, men ikkje i farsi!). Så la oss bruke norske namn der vi kan. Trondtr 25. februar 2006 kl. 15:28 (UTC).
Men ærleg talt, persisk blir då heilt arkaisk, det skulle vel ut i frå den logikken vera iransk? Uansett meiner eg at det bør vera farsi, men hvis eg først går inn på din tankegang... (Barend 25. februar 2006 kl. 17:10 (UTC))
Språk er ikkje logisk, vi kallar språket persisk fordi vi har gjort det før, og landet Iran fordi folket der har skifta namn på landet. Vi kan gjere som engelsk wiki har iranske språk om heile gruppa, og så ha farsi eller altså persisk om dette språket, som det faktisk står i artikkelen allereie. Men så veldig sterke meiningar har eg ikkje om dette. Merk at berre 3 av over 30 wiki-versjonar av denne artikkelen har farsi som namneform. Trondtr 25. februar 2006 kl. 18:50 (UTC).

Dersom Wikipedia held fram med å bruka «farsi» som hovudform (istadenfor Persisk språk), skapar me eit inntrykk av at språket har skifta namn, for dei fleste veit at «persisk» var korrekt namn på språket før. Som eg har påpeikt over, har i alle fall Språkrådet korkje tilrådd eller (fullt ut) akseptert noko slikt namnebytte.
--Verdlanco\ordskifte 27. februar 2006 kl. 12:37 (UTC)


  1. «Språkrådet brukar i praksis farsi» er òg ein gyldig observasjon.
  2. Ja, -rs- flyt gjerne saman i mange former av norsk. Men vil dét seie at vi skal fjerne ordet urdu frå det norske språket og taka i bruk det «tradisjonelle» hindustani i staden?
  3. Eit hovudargument tidleg i debatten var det konformistiske argumentet at vi ikkje har språknamn av originalnamntypen på norsk. Kva da med pasjto, urdu, panjabi, hindi, sindhi, tamil, oriya, telugu, brahui — og for den saks skuld romani, romanés, rodi (eit språk med mange hundre års historie på norsk grunn). Ut frå konformismeargumentet burde vel heller forma farsi brukast, ettersom dette er mest i tråd med namngjevingstendensen i samband med indoiranske språk på norsk i dag...(?)
Elles viser eg til argumenta åt Ranveig, Barend og meg ovanfor att.
Alt i alt er det altså tydeleg at det finst to hovudsyn i denne saka her, og at det finst fagleg oppegåande folk på begge sidene. Det finst argument for begge syn, og verken det eine namnet eller det andre er i og for seg feil. Både farsi og persisk er oppførte som hovudformer i Nynorskordboka og Bokmålsordboka. I slike saker er vel politikken her og på andre wikipediaer at ein lèt artikkelen stå på det først gjevne, fullt ut tillatne namnet, men at ein passar på å ha med begge/alle former i sjølve artikkelen og at det blir laga relevante omdirigeringar. Og den noverande namneforma farsi er altså oppført som ei hovudform i Nynorskordboka og er de facto i bruk i Språkrådet òg.
Eg føreslår derfor at vi heller brukar energien vår frå no av til å laga omdirigeringar og å skrive ein betre artikkel (det trengst!!!) heller enn på ein debatt som i grunnen er litt åfått. Olve 27. februar 2006 kl. 15:59 (UTC)
Det siste argumentet er eg fullstendig samd i, det å få sving på den indoiranske familien (malar og spirer på dei ulike språka) hadde vore eit fint dugnadsemne. Til det åfåtte ordskiftet berre eitt viktig poeng: Det at vi ofte bruker framande namn er ikkje noko argumnet for alltid å gjere det, det temmeleg opplagte prinsippet eg held meg til er "bruk (integrert) norsk form når ho finst, og framand form i andre tilfelle". Men altså, så mange sider diskusjon, og artikkelen er framleis på to liner, det går ikkje. Så la oss heller skrive litt meir om persisk og dei andre indoiranske språka. Trondtr 27. februar 2006 kl. 17:31 (UTC).
Eg er derimot samd med Verdlanco og Trondtr av desse grunnane:
  1. Språket har vore kalla persisk sia gammal tid, korfor endre på det?
  2. Korfor skal «utlendingar» bestemme norsk språkbruk? Viss vi plutseleg hadde fått ei stor gruppe tyskarar i Noreg, skulle vi da kalle moderne høytysk for deutsch og gammalhøytysk for tysk?
  3. Argumentet om Iran/iransk passar vel heller ikkje, da persisk vel blir snakka utanfor det som er Iran i dag?
  4. Det gjør ingenting om andre språknamn er likare sine originale namn, dei er bare sånn fordi tradisjonen har blitt sånn. For persisk er tradisjonen med den norske namnet absolutt sterkast.
  5. Eit googlesøk avgrensa til Noreg viser flest treff for farsi. Men når ein ser nøyere etter er dette for det meste engelskspråklege nettstader på no-domenet, og etter filtrering av engelsk er persisk i klart fleirtal.
--KRISTAGAα-ω 27. februar 2006 kl. 17:32 (UTC)

Er ikkje tadsjikisk eit eige språk?

Eit heilt anna spørsmål: Er tadjiki (som eg går utfrå er tadsjikisk) det same som farsi? Eg trudde det var eit eige språk i den iranske språkgruppa? (Barend 11. jan. 2006 kl. 01:42 (UTC))

Samfunnsmessig (som standardspråk) er dei i alle fall ulike (jf. "kor mange nordiske språk har vi?"), så det talar for separate artiklar, og ein god artiklar "iranske språk". Trondtr 27. februar 2006 kl. 12:56 (UTC).

Farsi eller farsi(sk) språk?

Dei fleste språkartiklane ligg på namn på forma tysk språk, med grunngjeving at adjektivet kan vise til andre ting enn språket. Burde denne artikkelen òg ha vore på farsi språk? (farsisk språk?) Eg har iallfall laga ei omdirigering frå farsi språk til så lengje. Eg spør fordi eg som ikkje-lingvistikkar ikkje har peiling! :) --Erlend 5. mars 2006 kl. 12:37 (UTC)

Forskjellen er at språknamn som farsi, urdu, tamil og latin ikkje er adjektiv. Det blir feil og sær skriving å bruka dei som det. «Farsi» er eit ord som ikkje kan visa til anna enn språket, til forskjell frå persisk. -- Ranveig 5. mars 2006 kl. 13:08 (UTC)
Eg «skriv under» på den forklaringa òg. :-) Vi lyt skrive «latinsk grammatikk» (eller evt. «latingrammatikk») heller enn «latin grammatikk» Men vi bør sjølvsagt likevel ha omdirigeringar frå former folk logisk sett vil kunna komma til å søkje på, inkludert «farsi språk», «farsisk språk», «tamil språk», «tamilsk språk», «hindisk språk» (!) — og truleg òg «urdisk språk» (!!). Kan elles nemne at vi har liknande språknamnproblem lokalt i «gamle Norig» òg — jfr. «romani» (som attpåtil er fleirtydig), «rodi», «månsing»; eller for den saks skuld «sunnmøring» (innbyggjar- og dialektnamn som substantiv — som i «ho tala sunnmøring»)—/«sunnmørsk» (tilsv. adjektiv — som i «sunnmørsk grammatikk»)...
Generelt kan vi seie at språknamn på -sk er brukande både som substantiv og adjektiv, medan andre språknamn — inkludert dei som ender på -a (hausa, kannada, oriya), -i (hindi, farsi, kasjmiri, pahlavi, pali, panjabi, rodi, romani, sindhi), -u (telugu, urdu), -o (esperanto, pasjto), -ing (månsing, nordmøring), -it (prakrit, sanskrit), -és (romanés) — berre er substantiv. Eit spesialfall er språknamn som ender på -sch (som t.d. jiddisch, jenisch): Desse blir i hovudtrekk bruka på same vis som språknamna som ender på -sk; tuleg av di vi «kjenner att» -(i)sch som adjektivending. -- Olve 5. mars 2006 kl. 15:36 (UTC)

" farsi " eller Persisk?

Farsi or Persian ? (CHN) http://heritage.chn.ir/en/Article/?id=88 [in English] By Pejman Akbarzadeh.


"FARSI" or "PERSIAN"? What Is the English Name of Our Language? (Payvand) http://www.payvand.com/news/03/dec/1083.html [in English] By Pejman Akbarzadeh.


IRAN or PERSIA? FARSI or PERSIAN? (Iran Heritage) http://www.iran-heritage.org/interestgroups/iranorpersia1.htm [in English] By Pejman Akbarzadeh.


"FARSI" or "PERSIAN"? (Payvand) http://www.payvand.com/news/05/dec/1063.html [in English] By Pejman Akbarzadeh.


The announcement of the Academy of Persian Language and Literature (Wikipedia) http://en.wikipedia.org/wiki/The_announcement_of_the_Academy_of_Persian_Language_and_Literature [in English]


Persian or Farsi? (Iranian) http://www.iranian.com/Features/Dec97/Persian/ By Kamran Talattof.


Persian or Farsi? (PersianDirect) http://www.persiandirect.com/articles/2004/july/id_00001.htm By Ali Moslehi Moslehabadi


"FARSI", recently appeared language! (CAIS-SOAS) http://www.cais-soas.com/CAIS/Languages/persian_not_farsi.htm By Prof. Ehsan Yarshater.


"FARSI", recently appeared language! (PersianDirect) http://www.persiandirect.com/articles/2004/july/id_00003.htm By Prof. Ehsan Yarshater.


Technical Terminology http://students.washington.edu/irina/persianword/tt.htm


Similar articles in Persian: http://www.persian-language.org/Group/Article.asp?ID=173 [ in Persian] http://www.iran-heritage.org/interestgroups/iranorpersian.jpg [in Persian] http://www.sharghnewspaper.com/821108/litera.htm#s22653 [in Persian] http://www.sharghnewspaper.com/841010/html/societ.htm#s349176 [in Persian]

On the other hand / På den andre sida...:
  • http://www.iranian.com/GuiveMirfendereski/2006/April/Irani/index.html
    Sitat: «there is a political dimension to the use of Persian over Farsi, too. At one level, it is the high-handed approach of some advocates that impinges on one’s freedom of expression. At another level, the debate is often coached in terms of what is “correct” and what is “incorrect.” At a third level, the insistence on Persian rubs many Iranians the wrong way because it is ethnically insensitive and smacks of ideological superiority or nationalistic purity.»
-- Olve 14. mai 2006 kl. 23:55 (UTC)
Eg må jo òg seie, etter ein kjapp titt på nokre av artiklane over, at det var ein del rart. Som opplysninga om at Sjahen skifta namnet på landet frå Persia til Iran for å syne si tilknytting til Hitler. Det er uansett klårt som det kjem fram i utdraget over, at persisk/farsi/parsi er nytta som merke for andre politiske standpunkt. Jaja, så var det ikkje så greit då. --Ekko 15. mai 2006 kl. 06:22 (UTC)

Kva seier UIO?

Saksa frå den størst lærestaden for språket i Noreg UIO:

=== Persisk språk (studieretning)===
Det filologiske studiet av persisk språk og kultur har to hovedmål. På den eine side å formidle kjennskap til den klassisk-persiske litteraturen og kulturen, på den andre side å formidle kjennskap til språk og kultur i dagens Iran, Afghanistan og Tadjikistan. Persisk (persisk: parsi, arabisk: farsi) utgjør saman med afghansk (eller pashto), balochi, kurdisk og ossetisk m.fl. forutan døde språk som avestisk, gammelpersisk og middelpersisk, den iranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Persisk talast av over 50 millioner og er offisielt språk i Iran og administrasjonsspråk i Afghanistan, kvar det ofte vert kalla dari. Det er morsmål for ca. halvparten av befolkninga i desse to landa. Språket inneheld eit stort element av arabiske lånord og blir skreven med modifisert arabisk skrift. Tadjikisk, det offisielle språket i Tadjikistan, inneheld eit stort antall russiske låneord og blir skreven med kyrillisk skrift, men er ellers identisk med persisk i Iran og Afghanistan.
Begynnarundervisning i persisk vert gitt annakvart haustsemester. Neste oppstart er hausten 2006.

[1] Derfor meiner eg at artikkelen bør kallast Persisk eller Persisk språk

Her virkar det ikkje som om det er rom for konsensus, bør vi ikkje då ha ei avrøystning, også fordi me skiller oss so klårt fra dei fleste andre wiki'ane? Hogne 14. mai 2006 kl. 18:31 (UTC)

Hm. Jo det var då klårt nok. Persisk er visst ordet. Men med fare for å kverulera:
  • At med skil oss ut gjer da ingen ting? Eg er t.d. temmeleg nøgd med at norsk er einaste språket utanfor Hellas kor landet heiter noko som liknar på Ελλάς.
  • Og med så god kjelde, treng me då avrøysting, kan me ikkje få konsensus?
--Ekko 14. mai 2006 kl. 19:45 (UTC)
Diskusjonen vi hadde tidlegare i år var ein diskusjon mellom ei norsk form (persisk) og det vi alle trudde var den eigne forma (farsi). No seier UiO at den persiskspråklege forma er parsi, og at farsi er arabisk. Det forklarer jo korfor saka er så viktig for Sassanjan. Dermed burde vi få kjapp konsensus om persisk, (evt. ny samling attom parsi for nativistane, men denne forma har i alle fall ikkje støtte i norsk. Trondtr 14. mai 2006 kl. 20:15 (UTC).
Av omsyn til dei som ikkje nyttar søndagskvelden til leksikonskriving kan vel la dette stå ope til i morgon? --Ekko 14. mai 2006 kl. 20:32 (UTC)
Ja, absolutt :-) Det var «kjapp» i tydinga «mengda av innlegg» eg meinte, denne diskusjonen har gått snart eit halvt år, så så travelt har vi det ikkje. Trondtr 14. mai 2006 kl. 20:55 (UTC).
Men det er greit å få ho ut av verda, og så mykje nytt kjem det vel ikkje? Men OK, ut veka då. (I min ungdom blei eg ein gong kalla bråkjappkjekk, godt ord i grunn). --Ekko 14. mai 2006 kl. 21:15 (UTC)
Eg registrerer at både UiO og kjeldene til denne Sassanjan seier at ordet farsi ikkje er eit persisk ord, men eit arabisk. Viss dette stemmer, vil det kanskje redusera talet på wikipedantar som vil hevda at farsi er det rettaste ordet å bruka på norsk.
Men ordet farsi er likevel i bruk i Noreg, og me kan (bør) gjerne ha ein artikkel om ordet farsi her sjølv om me legg hovudartikkelen om språket farsi under Persisk.
--Verdlanco\ordskifte 14. mai 2006 kl. 21:23 (UTC)
Dei påstår no at det heiter «parsi» på persisk/farsi, og «farsi» på arabisk. Og det stemmer no rett og slett ikkje — etter alle kjelder eg har sett OG hørt, seier dei aller fleste farsitalande farsi i daglegtalen — og ikkje parsi. Å seie at «farsi» ikkje er «persisk» er eit språkpuristisk utsagn som er representativt for språkpurisme, men ikkje for farsi.
Det er allereie greitt og tydeleg at både farsi og persisk er lovlege hovudformer på norsk etter både Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Begge formene er òg akademiske former: Da eg deltok på mellomfagsundervisninga i hindi ved Universitetet i Oslo medan eg studerte til Ex.phil. i 1985, var språknamnet farsi definitivt ordet som var i praktisk bruk der på huset. I slike fall er vel wikipediapolitikken enkel og grei: Lat artikkelen stå. Om vi skal bryte med denne politikken, så bør vi i alle fall vera klare over at det er nettopp det vi gjer. Farsi er grei norsk (og grei farsi) og står som hovudform i ordbøkene vi brukar. Om vi vel å «kassere» dette ordet likevel, så kan vi no gjera det om det er fleirtal for det. -- Olve 14. mai 2006 kl. 21:42 (UTC)

Hugs forresten at farsi ikkje svarar til «persisk» (som inkluderer avestisk og pahlavi), men til (ein del av) «nypersisk». «Nypersisk» inkluderer forresten òg dari og andre språkvariantar i området (men ikkje pasjto o.a.) «Farsi» svarar i grove trekk til det nypersiske skriftspråket i Iran og inkluderer ofte men ikkje alltid dari og tadjiki (tadsjikisk) -- Olve 15. mai 2006 kl. 00:03 (UTC)

Hm. Så du kjem og skal forvirra oss med fakta? Eg ynskjer meg verkeleg ein artikkel som greier ut om akkurat dette. På jobben er eg av dei som skal tinge tolk for folk, og det er ikkje lett. Særskilt ikkje når folks oppfatting av kva språket deira heiter ikkje er den som er gjengs på norsk eller engelsk. --Ekko 15. mai 2006 kl. 06:14 (UTC)

Skil ut tadjikisk

Ut frå sitatet frå UiO ovanfor tykkjest det meg klart at tadjikisk språk bør reknast som eit eige språk. Eg modifiserer artikkelen i samsvar med det. --Barend 17:12, 6 januar 2007 (CET)

Forvirring over morsmålstal

Her står det at over 50 % av befolkinga i Iran har persisk som morsmål, medan det på sida om Iran står at det er 22 mill. som snakkar det. Er det forskjell på morsmål og det å snakke det? Det er over 68 mill. innbyggjarar i Iran. --Christie 20:55, 15 januar 2007 (CET)

På tysk wikipedia bruker dei tala 35-40 mill. som har persisk som morsmål i Iran. Tar opp dette på diskusjonssida til Iran og. --Christie 21:39, 15 januar 2007 (CET)