Maps av Lesley Roy
«Maps» (norsk: kart) er ein song frå 2021 som vert framført av den irske songaren Lesley Roy.[1] Songen vart vald av den irske kringkastaren RTÉ til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten vart sloppen 26. februar 2021.[2][3]
Bakgrunn
Den irske låtskrivaren Lesley Roy vart vald av kringkastaren RTÉ til representere Irland i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Story of My Life», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. RTÉ vedtok at Lesley Roy i staden skulle delta i Eurovision Song Contest i 2021.[4]
«Maps» vart skriven og produsert hausten 2020 av Lesley Roy saman med Philip Strand og Eurovision-produsenten Lukas Hällgren, som skreiv det sveitsiske bidraget i 2019 «She Got Me». Den Stockholms-baserte låtskrivaren Emelie Eriksson var òg med på å skrive «Maps».[5]
Irland deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai, men enda på 16. og siste plass i semifinalen med 20 poeng.[6] Dimed kvalifiserte ikkje songen seg til finalen laurdag 22. mai 2021.[7] Dette var Irlands andre sisteplass på rad i ein semifinale.
Listeplasseringar
Liste (2021) | Høgaste
plassering |
---|---|
Irland (IRMA)[8] | 76 |
Litauen (AGATA)[9] | 96 |
Nederland (Single Tip)[10] | 30 |
Referansar
- ↑ «Lesley Roy - Ireland - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. februar 2021.
- ↑ «National Selection Calendar 2021» (på engelsk). 3. desember 2018. Henta 24. februar 2021.
- ↑ «Lesley Roy shares 'Maps' for Rotterdam» (på engelsk). 26. februar 2021. Henta 28. februar 2021.
- ↑ «Lesley Roy's story continues for Ireland» (på engelsk). 17. desember 2020. Henta 24. februar 2021.
- ↑ «RTÉ Announce Lesley Roy As Ireland’s Artist For Eurovision In Rotterdam Next May – About RTÉ». Henta 24. februar 2021.
- ↑ «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021.
- ↑ «Eurovision: Ireland and Australia eliminated in first semi-final». BBC News (på engelsk). 19. mai 2021.
- ↑ «Irish Charts Week 9 2021, Week Ending 5 Mar 2021» (på engelsk). Henta 26. februar 2021.
- ↑ «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100» (på litauisk). AGATA. 28. mai 2021. Arkivert frå originalen 28. mai 2021. Henta 28. mai 2021.
- ↑ «Lesley Roy – Maps». Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 2. juni 2021.