All of My Love
«All of My Love» (norsk omsetjing: all min kjærleik) er ein gospelinspirert popsang frå 2020 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen vart vald av kringkastaren PBS til det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 9. mars 2020. Songaren Destiny Chukunyere vart vald til å representere Malta etter at ho vann den andre sesongen av talentkonkurransen X Factor Malta. Songen «All of My Love» vart vald etter X Factor Malta. 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020, og songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.[1]
Om songen
«All of My Love» er skriven av låtskrivarteamet Bernarda Brunovic, Borislav Milanov, Sebastian Arman, Dag Lundberg, Joacim Persson og Cesár Sampson. Sistnemnde deltok for Austerrike i 2018 og enda på ein tredjeplass, medan Borislav Milanov og Joacim Persson òg skreiv det maltesiske bidraget «Chameleon» i 2019. Milanov står òg bak fleire andre Eurovision-bidrag, òg i 2020: Tysklands «Violent Thing» og Bulgarias «Tears Getting Sober».[2]
Songen skulle representert Malta i Eurovision Song Contest 2020, etter at Destiny Chukunyere vann X Factor Malta i februar 2020. Vinnaren av X Factor Malta vart Maltas representant i Eurovision Song Contest. Songen vart vald éin månad etter.
I januar 2020 vart Malta trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydt til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[3] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Referansar
- ↑ «Destiny's Eurovision 2020 sings 'All Of My Love' for Malta - Eurovision Song Contest». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020.
- ↑ «Destiny - Malta — Rotterdam 2020 - Eurovision Song Contest». Henta 9. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.