Martine Lunde
Martine Lunde Aarsrud (født 17. februar 1996 i Oslo) er ein norsk influensar og reality-TV-deltakar.
Biografi
Lunde er influenser, og driv med sosiale medium på heltid.[1] Lunde driv òg YouTube-kanalen «Martine Lunde», som pr. januar 2019 hadde ca. 45 000 abonnentar.[2] Tidlegare dreiv ho YouTube-kanalen «Isabelle & Martine» saman med venninnen Isabelle Eriksen, og då denne vart lagt på is sommaren 2018 hadde den ca. 63 000 abonnentar.[3][4]
Ho deltok i realityserien <i id="mwHA">Paradise Hotel</i> i sesong 9, og stakk av med sigeren saman med partnaren Kevin René Gustavsson. Under «troskapstesten» valde Lunde å sleppa kulen på 50 000 kr, noko som gjorde at ho åleine vann denne premien, i staden for at ho og Gustavsson kunne dela 300 000 kr. Ho valde seinare å dela med venninnen Isabelle Eriksen og kjærasten Aleksander Sæterstøl, slik at dei alle tre fekk 100 000 kr kvar.[5][6]
Ho var med i tredje sesongen av Farmen Kjendis, som gjekk på TV 2 frå januar 2019.[7] Ho var òg med i TV 2-programmet Skal vi dansa i 2018, og enda på tredjeplass.[8]
TV
Martine var programleiar for første sesong av <i id="mwMA">Glow Up</i>. Det er eit program som fokuserer på ulik type sminka. I programmet var Dajana Tomanovic domar på kvart program. Det var òg ulike gjestedommere i kvar episode.[9]
Både Martine og kjærasten Aleksander har vore hovudpersonar i Bloggerne.[10]
Martine vil bli politi
I mars 2021 kom det ein serie om at Lunde fekk opplæring i å bli politi i 11 dagar. Serien vart publisert på TV 2 Play. Det vart kritisert av politistudentar før serien byrja. Dei reagerte på at Martine fekk komma inn på politihøgskulen, medan dei sjølv måtte ha undervisning heimanfrå. Politihøgskolen ønskte å auka rekruttering og forståing for vidareutdanning i politiet. Lunde sa at ho hadde fått mange positive kommentarar frå politistudentar.[11][12]
Kjelder
- ↑ «Instagram-stjerne sjekker inn på 'Paradise Hotel'». Dagbladet. 17. mars 2017. Henta 8. juni 2018. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «instagrammer» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Martine Lunde». YouTube. Henta 13. januar 2019. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «youtube-egen» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Isabelle & Martine». Influencer Wiki. Arkivert frå originalen 10. juni 2018. Henta 10. juni 2018. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «youtube» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Sannheten». Martine Lunde. 22. august 2018. Henta 13. januar 2019. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «sannheten» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Hvorfor slapp jeg kula?». martinelunde.blogg.no. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «kula» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Dramatisk finale i «Paradise Hotel»: - Jeg hadde bestemt meg for at den kula skulle i bakken». Dagbladet. 1. juni 2017. Henta 13. januar 2019. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «troskapstesten» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Dette er de nye 'Farmen'-kjendisene». seher.no. 26. mai 2018. Henta 13. januar 2019. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «farmen» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Martine Lunde (22) er ute av Skal vi danse». TV 2. 10. november 2018. Henta 13. januar 2019. Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; namnet «danse» er definert fleire gonger med ulikt innhald - ↑ «Glow up» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ Solberg, Julie (27. august 2020). «Martine Lunde i sorg etter kjærestens triste beskjed: - Redd for at det samme skal skje med meg» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ Grindem, Karianne (12. mars 2021). ««Hun får kjenne på hvordan det er å være politi. I mellomtiden sitter vi som har kommet oss gjennom opptaksprøvene og er politistudenter hjemme.»» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ https://play.tv2.no/programmer/underholdning/martine-vil-bli-politi. Henta 8. september 2021. Missing or empty
|title=
(hjelp)