Merete Armand
Merete Armand (fødd 8. juni 1955 i Bergen, død 22. januar 2017) var ein norsk skuespillerinne mest kjent frå scena. Ho var tilsett ved Den Nationale Scene i det meste av det yrkesaktive livet sitt. Ho gjorde seg spesielt notert i rolla som Oline i Hellemyrsfolket (1992).
Armand gjekk ut frå Teaterhøgskulen til Staten i 1979 og hadde sin debut same år i stykka Ol Brumm ved Sogn og Fjordane Teater.[1] Ho var vidare tilsett ved Telemark Teater, Trøndelag Teaterog, Homansbyen Teaterselskap og Riksteateret. I 1986 vart ho tilsett ved Den Nationale Scene og var tilsett her fram til sin død.[1]
På Den Nationale Scene medverka ho blant anna i oppsetningar som Vaskerelvens rose av Gunnar Staalesen (1986), Måka av Anton Tsjekhov (1987), Hellemyrsfolket av Amalie Skram (1992), Lauvet i Vallombrosa av Lars Norén (1997), Erasmus Montanus av Ludvig Holberg (2000), Presidentinnene av Werner Schwab, (2000), Heksene av Roald Dahl (2001–02), 1900 av Gunnar Staalesen (2002–03), Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren (2003–04), Ved Kattemyra av Marina Carr (2004), Kameliadama av Alexandre Dumas d.y. (2004), Idioten av Fjodor Dostojevskij (2005) og i Vesle Eyolf av Ibsen. Hennes siste rolle var i Kvinnene frå Troja (2009) av Evripides.
Ved sida av teateret medverka ho òg i fleire hørespill.[2] Ho hadde òg ei mindre rolle i den britiske filmen The Witches (1990) og dessutan nokre få oppdrag for TV.
I 1997 vart ho tildelt tildelt Pernillestatuetten.
Ho døydde av kreft, 61 år gammal.[1]
Merete Armand var dotter av skodespelar Eilif Armand og forfattar Elisabeth Armand, og syster til barnebokforfattar Yngvil Armand skuespillerinnene Frøydis Armand og Gisken Armand.[1]
Kjeler
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Trellevik, Mads (22. januar 2017). «Merete Armand er død» (på norsk). Henta 19. august 2021.
- ↑ «Person» (på norsk bokmål). Henta 19. august 2021.
Bakgrunnsstoff
- (en) Merete Armand på Internet Movie Database