Wicca
Wicca er ein nyheidensk religion basert på naturdyrking, rituell magi og gamle britiske tradisjonar. Wicca-tilhengjarar identifiserer seg gjerne med hekser (eng. witch) og trur ofte på éi gudinne (tradisjonelt Trippelgudinna) og ein gud (tradisjonelt Guden med horn).
Det finst mange former for wicca. Omgrepet kan dekka alle slag moderne religionar som byggjer på europeisk heksekunst, på religionane utforma av britane Gerald Gardner eller Alex og Maxine Sanders på 1960-talet, eller på fleire gudinne-retta nye religionar utvikla i USA på 1960- og 1970-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wicca» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2009.
- wicca.no Arkivert 2008-12-11 ved Wayback Machine. lese 2. august 2009