Helsingfors universitet
Helsingfors universitet (finsk Helsingin yliopisto) er det største universitetet i Finland.
Helsingfors universitet | |||
| |||
Grunnlagt | 26. mars 1640 | ||
---|---|---|---|
Stad | Helsingfors | ||
Studentar | 31 312 (2017) | ||
Medlemskap | ORCID, arXiv | ||
Nettstad | https://www.helsinki.fi/en (engelsk) | ||
Helsingfors universitet 60°10′10″N 24°57′00″E / 60.169444444444°N 24.95°E |
Universitetet er tospråkleg, sjøv om størstedelen av kursa av forståelege grunnar går på finsk. Av studentane er 6,5 % svenskspråklege. For den svenske undervisninga skal det i følgje finsk lov vere minst 27 professorat ved Helsingfors universitet. For akademiska studium på svensk i Finland finst det også heilt svenskspråklege institusjonar, den viktigaste er universitetet Åbo Akademi.
Helsingfors universitet består av elleve fakultet (teologi, jus, medisin, humaniora, matematikk-naturvitskap, atferdsvitskap, statsvitskap, agrikultur-forstvetenskap, veterinærmedisin, farmasi og biovitskap) och ei friståande eining, Svenska social- och kommunalhögskolan. Universitetets bibliotek er Finlands nasjonalbibliotek.
Historie
endreUniversitetets historie går attende heilt til 1640, då det vart grunnlagt i Åbo med namnet Kungliga Akademien i Åbo. Dette gjer universitetet til det eldste i Sverige, etter Uppsala og Dorpat (Tarto). Etter at Finland kom inn under Russland fekk universitetet i 1809 det nye namnet Kejserliga akademien i Åbo. Universitetet vart flytta etter keisarleg påbod til Helsingfors i 1828 etter Åbos brann og fekk då namnet Kejserliga Alexanders universitetet i Finland. Etter at Finland hadde vorte sjølvstendig fekk det namnet Helsingfors universitet i 1919.
Universitetets hovudbygning ligg ved Senatstorget og er teikna av Carl Ludvig Engel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Helsingfors universitet» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Svenska social- och kommunalhögskolan
- Nationerna vid Helsingfors universitet
- Studentkåren vid Helsingfors universitet Arkivert 2009-08-10 ved Wayback Machine.
- Helsingfors stads och universitetets gemensamma Helsinki.fi city portal