United States Geological Survey

United States Geological Survey (USGS, norsk USAs geologiske undersøkingar) er eit statleg, vitskapleg byrå i USA. Forskarar i USGS studerer landskapet i USA, naturressursar og naturfarar som trugar landet. Byrået har fire store fagfelt som omfattar biolog, geografi, geologi og hydrologi. USGS er ein forskingsorganisasjon som søker etter informasjon og har ikkje nokre lovmessig ansvarsområde.

United States Geological Survey


Skipa3. mars 1879
LandUSA[1]
Nettstadhttps://www.usgs.gov/ (engelsk)

Byrået er underlagt Innanriksdepartmentet i USA og er dette departmentet sitt einaste vitskaplege byrå. USGS har kring 8500 tilsette[2] og har hovudkvarter i Reston i Virginia. USGS har òg store kontor i Lakewood i Colorado og Menlo Park i California.

Mottoet til USGS er «Vitskap for ei verd i endring[3]

USGS er Noreg sitt svar på Noregs geologiske undersøkingar og Statens kartverk.

Leiarar

endre

Kjelder

endre
  1. https://www.grid.ac/institutes/grid.2865.9; GRID; GRID-identifikator: grid.2865.9; vitjingsdato: 6. juli 2020.
  2. The Associated Press (October 23, 2009). «Monterey Aquarium's McNutt new USGS director». Google News. Henta 16. oktober 2012. 
  3. «USGS Visual Identity System». U.S. Geological Survey. July 27, 2006. Arkivert frå originalen 30. januar 2009. Henta 16. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: United States Geological Survey