Ungdomslag er framfor alt nytta som nemning på dei lokallaga som høyrer inn under samanslutninga Noregs Ungdomslag. Dei har sitt opphav i dei lese- og samtalelaga og «ynglingeforeninger» som etablerte seg kringom i Noreg på siste halvparten av 1800-talet. Tankane om det særeigne nasjonale gjorde at desse laga snart fekk nemninga ungdomslag etter inspirasjon frå folkehøgskulemiljøa. Utsendingane som sommaren 1896 gjekk i brodden for å skipe landsamskipnanden Noregs Ungdomslag, ynskte å samle dei frilynte ungdomslaga til ei «norsklynd» kraft i samfunnet.

Kjelder

endre