Turmalin er ei mineralgruppe med borhaldige silikat med komplisert samansetjing. Turmalin høyrer til ringsilikata og dannar ofte forholdsvis lange prisme. Fargen på mineralet varierer mykje.

Turmalin

Svart turmalin
Generelt
KategoriSyklosilikat
Kjemisk formel(Ca,K,Na,[])(Al,Fe,Li,Mg,Mn)3(Al,Cr, Fe,V)6
(BO3)3(Si,Al,B)6O18(OH,F)4
[1][2]
Identifikasjon
FargeVanlegvis svart, men kan variere frå fargelaus, brun, fiolett, gul, oransje, blå, raud, grøn, rosa, eller to til tre farga
KrystallformParallell og langstrekt. Nåleforma prisme, stundom ståleaktig. Massiv. Spreidde korn (i granitt)
KrystallsystemTrigonal
KløyvUtydeleg
BrotUjamn, muslig, sprø
Mohs hardleiksskala7–7.5
Glansglasaktig, stundom harpiksaktig
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt3.06 (+.20 -.06)[1]
Tettleik2.82–3.32
Polert glansglasaktig[1]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapardobbeltbrytande, Einaksa negative[1]
Brytingsindeksnω=1.635–1.675, nε=1.610–1.650
Dobbeltbryting-0.018 til -0.040; typisk about .020 but in mørk stones it may reach .040[1]
Pleokroismetypisk moderate til kraftig[1]
Raud turmanlin: Avgjort; mørkeraud, lyseraud
Grøn turmalin: Kraftig; mørkegrøn, gulgrøn
Brun turmalin: Avgjort; mørkebrun, lysebrun
Blå turmalin: Kraftig; mørkeblå, lyseblå
Dispersjon (spreiing).017[1]
Ultrafiolett fluorescensRosa steinar, treg til særs svak raud til fiolett i lang- og kortbølgjer[1]
Absorpsjonsspektrumeit kraftig, smalt band ved 498 nm, og nesten fullstendig absorpsjon av raudt ned til 64 0nm i blå og grøne steinar; raude og rosa steinar syner linjer ved 458 og 451 nm i tillegg til vide band i det grøne spekteret[1]

Klåre varietetar av elbaitt blir nytta som edelsteinar og blir gjeve namn etter fargen: akroitt (fargelaus), rubellitt (raud), verdelitt (grøn) og indigolitt (blå). Slike turmalinar kjem særleg frå granittpegmatittar i Brasil, California, Madagaskar, Namibia, Ural og Afghanistan.

I Noreg finn ein den svarte og jernrike schörl, som er særs utbreidd i små mengder i metamorfe bergartar og i større krystall på mange granittpegmatittgangar

Kjelder

endre
  • Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Turmalin. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/turmalin.

Bakgrunnsstoff

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
  2. Mindat tourmaline group Accessed September 12, 2005. This website details specifically and clearly how the complicated chemical formel is structured.