Torvastad
Torvastad er ein tidlegare norsk kommune i Rogaland fylke, oppretta som Torvastad formannskapsdistrikt i 1837.[1] Som sokn omfattar Torvastad den nordlegaste delen av Karmøy og øyane utanfor.[1]
Torvastad | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Torvastad kommune 59°22′49″N 5°14′13″E / 59.38027778°N 5.23694444°E | |||
Wikimedia Commons: Torvastad |
1. februar 1855 vart Haugesund (1066 innb.) skild ut frå Torvastad.[1] Torvastad hadde 3242 innbyggjarar etter delinga.
1. november 1881 vart Skåre skild ut frå Torvastad. Innbyggjartalet i Torvastad vart då 1918.
1. juli 1924 vart Utsira skilt ut som eigen kommune. Torvastad hadde då eit folketal på 2187.
1. januar 1965 vart det meste av Torvastad (3783 innb.) slege saman med Avaldsnes, Kopervik, Skudenes, Skudeneshavn, Stangaland og Åkra til den nye Karmøy kommune.
Samstundes vart ein mindre del av Torvastad (Vibransøy krins, 70 innb.) overført til Haugesund kommune.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Torvastad_-_tidligere_kommune» (31. desember 2023) av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |