Spinat
Spinat (Spinacia oleracea) er ein eittårig grønsakplante i amarantfamilien med etelege blad.
Spinat | |
Spinat | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Underfamilie: | Meldefamilien Chenopodioideae |
Stamme: | Anserineae |
Slekt: | Spinatslekta Spinacia |
Art: | Spinat S. oleracea |
Vitskapleg namn | |
Spinacia oleracea |
Spinatplanten blir kring 20–30 cm høg. Han har rosettstilde, glatte og kjøtfulle blad. Einskildplantar kan vera hannkjønna, hokjønna eller tvikjønna. Innan jordbruk er hoplanten mest verdifull.
Spinat er kravfull med omsyn til jord og gjødsling. Han veks raskt, og kan bli hausteferdig på 4–6 veker. I den lysaste årstida går planten lett i frøstokk (langdagsplante). I Noreg kan han dyrkast over heile landet.
Som grønsak er spinat næringsrik, med høgt innhald både av jern (2 mg/100 g) og betakaroten (4100 μgram/100 g). Han inneheld også oksalsyre. Elles inneheld spinat ca. 46 mg vitamin C, 500 mg kalium, 2 g kostfiber, 90% vatn, 0,5 g fett og 79 kJ tilført energi per 100 g etevare.
Spinatblad kan brukast rå i salatar eller til stuing og suppe. Dei kan også steikast, gratinerast og smørdampast.
Kjelder
endre- «Spinat», Store norske leksikon, 8. august 2017