Ryfylke prosti
Ryfylke prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Frå 2013 har prosten sete i Hjelmeland.
Historikk
endreRyfylke prosti har røter mellomalderen, og har fått grensene endra fleire gonger. Før 1848 femna det om sokna Sauda, Suldal, Sand, Jelsa, Hjelmeland, Årdal, Fister, Sjernarøy, Nedstrand, Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold, Tysvær og Røldal.
- I 1848 vart Tysvær overflytt til Karmsund prosti.[1]
- I 1858 vart Skjold og Vats òg flytte til Karmsund prosti.[1]
- I 1862 vart Røldal overført til Hardanger og Voss prosti i Bjørgvin bispedømme.[1]
- I 1988 vart Sjernarøy og sokna i Hjelmeland kommune flytt til Hetland prosti, men til gjengjeld vart Tysvær og Bokn kommunar tilførte frå Karmsund prosti. Året etter vart namnet endra til Nordre Ryfylke prosti, samstundes som Hetland prosti skifta namn til Søre Ryfylke
- I 2002 tilkom Ølen kommune (sokna Ølen, Bjoa og Vikebygd) som vart overført frå Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme.[2]
- I 2006 vart Tysvær og Bokn kommunar flytt tilbake til Karmsund (Haugesund) prosti.
- I 2013 vart Nordre Ryfylke og Søre Ryfylke slegne saman, og namnet Ryfylke prosti vart teke opp att. Vindafjord kommune følgde ikkje med, men gjekk til Haugesund (Haugaland) prosti, og med det fekk Ryfylke prosti dei noverande grensene.
- I 2020 vart Forsand ein del av Sandnes kommune, og soknet vart overført til Sandnes prosti.