Reidar T. Larsen
Reidar Toralf Larsen (8. oktober 1923–16. februar 2012) var ein norsk journalist og politikar, fødd og død på Lillehammer. Han var formann i Norges Kommunistiske Parti i tida 1965-75 og var stortingsrepresentant frå Hedmark 1973-77.
Reidar T. Larsen | |||
Fødd | 8. oktober 1923 Lillehammer kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 2012 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norges Kommunistiske Parti (1975), Sosialistisk Venstreparti (1975; 1999) | ||
Yrke | politikar, redaktør, journalist | ||
Alle verv |
|
Liv og gjerning
endreLarsen var 1941-45 fabrikkarbeidar i heimbyen. Han tok eksamen ved handelsskule i 1943 og Sørmarka folkehøgskole i 1946. Frå 1945-47 var han medlem av Lillehammer bystyre, der han representerte Norges Kommunistiske Parti.
Etter eit år som journalist i Dagningen, var Larsen redaktør for Norges Kommunistiske Ungdomsforbund sitt blad Unge Viljer i 1946-47, og seinare for NKU-avisa Avant-Garden i 1948 og 1951-53. I 1949 vart han vald til formann i NKU, etter den interne maktkampen i NKP som enda med at Peder Furubotn og hans meiningsfellar vart utvist frå partiet. I 1953 tok Larsen til som redaksjonssekretær i partiavisa Friheten, der han var redaktør 1959–65.
Larsen var formann for NKP frå 1965 til 1975. Han deltok i den politiske alliansen Sosialistisk Valforbund, som vart danna i forkant av stortingsvalet i 1973. Larsen vart i 1973 vald inn på Stortinget frå Hedmark for Sosialistisk Valforbund. På Tinget var han medlem av industrikomiteen og av valkomiteen. Han var parlamentarisk leiar for Sosialistisk Valforbund i 1976/77-sesjonen. Larsen er den siste medlem av Norges Kommunistiske Parti som har hatt sete på Stortinget.
Då fleirtalet i NKP nekta å sluttføre samlingsprosessen som gjorde Sosialistisk Valforbund om til partiet Sosialistisk Venstreparti, braut Larsen med kommunistpartiet og melde seg inn i Sosialistisk Venstreparti, der han var medlem av hovudstyret frå 1975 til 1982.
Larsen var informasjonsleiar hos Forbrukarombodet frå 1978 til han i 1987 vart leiar av Forbrukarkontoret i Østfold, ei stilling han hadde til 1991. Han var styremedlem i Østfold Naturvern 1989–91 og nestleiar i Østfold Nei til EU 1990–94. I 1999 melde han seg ut av Sosialistisk Venstreparti i protest mot at SV støtta NATO si krigføring i Jugoslavia og bombinga av Serbia.
I 1980 og 1984 gav han ut to minnebøker; Styrt fra Moskva, om tida 1960-80, og I gode og onde dager, om åra frå eigen fødsel til 1960.