Rådmann
Rådmann var i Noreg tidligare nemninga på den øvste leiaren for ein fylkeskommunal eller kommunal administrasjon. Kommuneloven endra i 1990 tittelen frå rådmann til administrasjonssjef, men dette fekk berre måteleg praktisk gjennomslag i kommunesektoren. Den siste endringa i kommuneloven (2018) tok i bruk tittelen kommunedirektør. Denne siste nemninga har breidd om seg i norske kommunar og fylkeskommunar.[1]
Rådmannen, eller kommunedirektøren, pliktar å sette i verk vedtak i kommunen sine politiske organ og å sørgje for at alle saker er greidde ut før dei blir lagt fram til politisk handsaming. Rådmannen sine funksjonar er mellom anna definert i paragrafane 13 og 25 i kommuneloven.
Kjelder
endre- ↑ «Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 24. september 2024