Paul Cézanne (19. januar 183922. oktober 1906) var ein fransk kunstmålar. Cézanne kan karakteriserast som ein brubyggjar mellom impresjonismen og kubismen. Han måla hovudsakleg stilleben, figurkomposisjonar og landskap. Han var dyktig både innan komposisjon, teknikk, design og fargar. Karakteristisk for arbeida er delikate og ofte repeterande penselstrøk. Han brukte fargeflater og små, repeterte penselstrøk til å byggje opp flatene i måleriet.

Paul Cézanne

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. januar 1839
Aix-en-Provence
Død

22. oktober 1906 (67 år)
Aix-en-Provence

Yrke kunstmålar, grafikar, litograf, teiknar, grafikar
Språk fransk
Far Louis-Auguste Cézanne
Mor Anne Elisabeth Aubert
Ektefelle Marie-Hortense Fiquet
Nettstad https://paul-cezanne.org
Paul Cézanne på Commons
Paul Cézanne i 1861

Han var fødd i sør-Frankrike, i Aix-en-Provence, og landskapet i Provence blei eitt av hans hovudtema.

I 1861 hadde Cézanne bestemt seg for å bli kunstnar, og han reiste til Paris med vennen Émile Zola. Her møtte han Pissarro og andre impresjonistiske kunstnarar. Pissarro hadde ein stor påverknad på Cézanne, og dei måla også ofte saman.

Cézanne døydde i Aix-en-Provence.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Paul Cézanne