Ole Høstmark
Ole Beyer Høstmark (29. november 1867–9. juli 1931) var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann frå Fræna.
Ole Høstmark | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1867 Fræna |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Ole Høstmark var fødd på Haukåsfeten i Fræna. Far hans var landhandlar og skipsførar i Fræna; han utvandra seinare til USA og døydde der. Sjølv vart Høstmark student frå Molde skole i 1885 og vart offiser i 1889. Han vart utnemnd til premierløytnant same året og kaptein i 1898. Han budde frå 1890 til -95 i Levanger og Innherad. Frå 1895 til 1910 var han gardbrukar på Oppdal i Bolsøy. Han selde då garden til Romsdals amt, som oppretta sinnssjukeasylet Opdøl sjukehus.
Høstmark var medlem av Bolsøy heradsstyre i fleire år. Han representerte einmannskrinsen Romsdal på Stortinget periodane 1906-09 og 1910-12, vald for Venstre. I begge valbolkane var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914