Nantes er ein by i det vestlege Frankrike. Byen har 280 600 innbyggjarar (2004), 711 120 med forstadene. Dette gjer Nantes til den sjette største byen i Frankrike.

Nantes
Horisonten til Nantes
Horisonten til Nantes
Flagget til Nantes Byvåpenet til Nantes
Flagget til Nantes Byvåpenet til Nantes

Motto
«Favet Neptunus eunti»
(Neptun stille seg velvillig til den reisande)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays de la Loire
Loire-Atlantique
Geografi
Flatevidd 65,19 km²
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

65,19 km²
476 km²
2 242,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

280 600
  4 304/km²
544 932
711 120
Koordinatar 47°13′05″N 01°33′10″W / 47.21806°N 1.55278°W / 47.21806; -1.55278
Høgd over havet 8 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 44109/44000, 44100, 44200 og 44300
Telefon-retningsnummer 02
Heimeside: www.nantes.fr

Historie

endre
 
Katedralen i Nantes

Byen blei romersk i 56 f.Kr. med namnet Portus Namnetum etter ein gallisk stamme kalla namnetes. Nantes blei kristna på 300-talet og blei i åra etter åtaka av saksarar, frankarar og normannarar. I 1066 blei Nantes del av hertugdømet Bretagne, og var i lang tid hovudstad for regionen. I 1460 blei det grunnlagt eit universitet her som eksisterte fram til til den franske revolusjon. Hertugdømet Bretagne var til tider sjølvstendig og til tider underlagt England, og kom ikkje inn under Frankrike før 1532. Området har framleis ein sterk bretonsk identitet med sitt eige språk, bretonsk.

Byen blei skild ut frå Bretagne av Vichy-regjeringa i 1941. Sidan 1971 har han vore del av regionen Pays-de-la-Loire, men mange innbyggjarar føler seg framleis kulturelt heime i Bretagne. Byen er òg préfecture (administrasjonstad) i departementet Loire-Atlantique.

I 1962 blei universitetet i Nantes grunnlagt på nytt. I 2016 hadde det cirka 38 000 studentar. Verftskrisa på 1980-talet ramma byen hardt. Tiltakt som flytting av delar av sentraladministrasjonen frå Paris og gode infrastrukturtiltak som TGV-tilknyting revitaliserte byen, og han er i dag ein av dei fremste byane i Vest-Frankrike ved sida av Bordeaux. I 2004 blei han kåreat av magasinet ''Time'' til den beste staden i Europa å bu i .[1]

Kjende folk frå Nantes

endre

Den bretonske musikkgruppa Tri Yann heitte opphavleg Tri Yann an Naoned, som er bretonsk for «tre Janar frå Nantes».

Kjelder

endre
  1. The Last Best Place In Europe Time Europe, 22. august 2004. Besøkt 14. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nantes