Najran-regionen
Najran (arabisk نجران, romanisert Naǧrān) er ein region i Saudi-Arabia, sør i landet langs grensa til Jemen. Han har eit areal på 119 000 km². Hovudstaden er byen Najran.
Najran | |||
نجران | |||
Region | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Najran | ||
Areal | 119 000 km² | ||
Folketal | 505 652 (2010)[1] | ||
Postnummer | 10 | ||
Najran-regionen 17°29′30″N 44°07′56″E / 17.491666666667°N 44.132222222222°E | |||
Kart som viser Najran-regionen.
| |||
Wikimedia Commons: Najran Province |
Najran er busett av den mektige yam-stamma, som har budd i regionen i mange hundreår.
Namn
endreNamnet Najran tyder 'trestykke som dørhengsla går rundt'. Ordet «Najran» tyder òg 'tørst'. Ei anna forklaring er at namnet kjem frå Najran Ibn Zaidan Ibn Sabaa Ibn Yashgab Ibn Yareb Ibn Qahtan fordi han var den første personen som busette seg i Najran.
Geografi
endreNajran består av tre geografiske område. Det eine er eit flatt område som ligg sentralt i Najran. Det har fleire dalar og den mest kjende av dei er Najrandalen. Det andre er eit fjellområde i vest og i nord. Her er klimaet meir moderat med vakre parkar og skuggar frå nabk-trea. Det siste området er eit sandete område i aust, som er ein del av ørkenen Rub al-Khali.
Guvernement
endreSjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Najran Province» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «تعداد السكان والمساكن». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex, 1433H - 2012D (2)». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Population ( 15 Years and Above ) By Administrative Area and Sex-2014». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Saudi Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex,1432H - 2011D». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex,1432H - 2011D». Henta 10. juli 2020.