Moving Pictures
Moving Pictures Studioalbum av Rush | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. februar 1981 | |
Innspelt | oktober - november 1980 i Le Studio, Morin Heights, Quebec | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 40:07 | |
Selskap | Anthem (Canada) Atlantic (Japan) | |
Produsent | Rush og Terry Brown | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Rush-kronologi | ||
Permanent Waves (1980) |
Moving Pictures | Exit...Stage Left (1981)
|
Moving Pictures er det åttande studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Det vart utgjeve i 1981.
I likskap med det føregåande albumet inneheldt òg Moving Pictures meir radiovenlege songar, til dømes «Tom Sawyer» og «Limelight».
Den andre songen på albumet viser nok ein gong den litterære stilen til Peart når det kjem til tekstskriving. Songen handlar om ein mann som låner bilen til onkelen til å køyre med i ei tenkt framtid. Bilen køyrer han ein stad som tidlegare har vore ein gard, før reguleringa på bruk av bil kom. Bilen, som heiter «Red Barchetta» er inspirert av Ferrari 166 mm Barchetta som står på eit bilmuseum i Las Vegas.
Den tredje songen på albumet, «YYZ» er ein instrumentallåt. «YYZ» er òg koden for flyplassen i Toronto.
«Limelight» er ein av radiohitane Rush har hatt. Songen handlar korleis Peart opplever det å leve i «the limelight», eller ramplelyset som det heiter på norsk. Songen inneheld to frasar som peikar tilbake på andre Rush verk. Først kjem «all the world's a stage indeed» som peikar tilbake på albumet All the World's a Stage, deretter kjem «caught in the camera eye» som peikar fram mot neste song på plata, «The Camera Eye».
Den nest siste songen på plata heitar «Witch Hunt». Denne vart ein del av «Fear-serien» med songar.
Innhald
endreAll tekst er skriven av Neil Peart utanom «Tom Sawyer» av Peart og Pye Dubois; all musikk er komponert av Alex Lifeson og Geddy Lee utanom «YYZ» av Lee og Peart.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tom Sawyer» | 4:31 |
2. | «Red Barchetta» | 6:10 |
3. | «YYZ» | 4:23 |
4. | «Limelight» | 4:20 |
5. | «The Camera Eye» | 11:01 |
6. | «Witch Hunt» (Part III of Fear) | 4:46 |
7. | «Vital Signs» | 4:47 |
Medverkande
endre- Geddy Lee - solovokal, bass, synthesizer
- Alex Lifeson - gitar, synthesizer
- Neil Peart - Trommer og perkusjon
- Hugh Syme - synthesizer på "Witch Hunt"
Salstrofé
endreLand | Organisasjon | Sal |
USA | RIAA | 4x Platina (4 000 000) |
Canada | RIAA | 4x Platina (400 000) |
Lister
endreAlbum - Billboard (North America)
År | Liste | Plassering |
1981 | Billboard's Pop Albums | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moving Pictures (album)» frå Wikipedia på engelsk, og «[[:nbkjelder=
- ↑ «Rush - Moving Pictures: Overview». allmusic.com. Henta 13. september 2012.
380: Mingus Ah Um Charles Mingus |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 379 Moving Pictures Rush |
378: Run-DMC Run-DMC |