Meløy kommune
Meløy er ein kystkommune midt i Nordland fylke. Ein har tradisjonelt rekna Kunna som den geografiske grensa på kysten mellom Helgeland og Salten. Etter den definisjonen er Meløy ein helgelandskommune, men i dag er kommunen administrativt og kommunikasjonsmessig ein del av Salten.
Meløy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Ørnes | ||
Areal | 874 km² | ||
• land | 800 km² | ||
• vatn | 74 km² | ||
Folketal | 6 180 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Sigurd Stormo (Ap) | ||
Kommunenr. | 1837 | ||
Meløy 66°47′17″N 13°40′33″E / 66.788056°N 13.675833°E | |||
Kart som viser Meløy kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Meløy | |||
Nettstad: www.meloy.kommune.no |
- For øya kommunen har fått namn etter, sjå Meløya i Meløy.
- For andre øyar med det same namnet, sjå Meløya.
Tettstader i kommunen
endreDei offisielle tettstadene i statistikk hos Statistisk sentralbyrå med folketal i parentes er per 2023: Ørnes (1 684), Glomfjord (1 089), Eidbukta (542) og Reipå (266). Neverdal inngår som del av tettstaden Eidbukta. Alle desse ligg i nordbygda, nord for Svartistunellen.
I sørbygda finst desse bygdene på fastlandet: Halsa, Engavågen og Ågskardet.
Geografi
endreSvartisen med bretunga Engabreen gjer ut for ein monaleg del av kommunearealet. Meløy kommune er kommunen i landet med det største arealet av isbre og snø i høve til det totale arealet av fastland og øyar i kommunen, 19 %.[1] Til samanlikning har nummer 2 og 3 på lista Stryn kommune 17 %, og Luster kommune 14 %.
Øyer i kommunen
endreMeløy kommune inneheld ei rekkje øyer, dei største folkesette øyene er Åmøya, Meløya, Mesøya, Teksmona, Bolga, Støtt og Grønøya. Skjerpa og Risøya er fråflytta øyer.
Målføre
endreMålet i Meløy har vore klassifisert i gruppa av helgelandsmål.
Dei siste tiåra har meløyfjerdingar hatt sterkare knytingar til Salten og Bodø enn til Helgeland, ikkje minst på grunn av kommunikasjonsmessig utvikling, og då særleg etter ca. 1970–1980. Innanfor offentlege tenester og offentleg administrasjon går òg knytingar nordover. Talemålet er derfor i endring i retning av meir saltenmål og meir bymål. (Treng kjeldetilvising.) Gjennom 1900-talet har industristaden Glomfjord hatt påverknad frå innflyttardialektar som igjen kan ha påverka dialekten i andre delar av kommunen.
Festivalar
endreSommerdagan i Meløy var tidlegare eit årleg arrangement i kommunen.
Kjelder
endre- ↑ «Arealstatistikk for Norge 2022, rekneark territorial_kommune.xlsx». GeoNorge. Henta 21. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Meløy kommune sine heimesider
- Heimesida til Sommerdagan i Meløy Arkivert 2008-05-03 ved Wayback Machine.
- Nettsida til Reipå River Festival Arkivert 2008-10-11 ved Wayback Machine.