Masdalskloven
fjellkant i Ørsta kommune
Masdalskloven er ei fjellform sør for garden Masdal i Ørsta på Sunnmøre.
Den særmerkte forma er godt attkjenneleg på lang avstand. Difor har ho i stor grad vorte brukt av sjøfarande til å ta méd.[1]
Aust for Masdalskloven ligg Klovekinn med toppen Klovetinden (949 moh.) På vestsida ligg Storehylla.
Etter ei vandresegn vart Masdalskloven til ved at ein lindorm sprengde seg ut av fjellet.[2]