Kysjtym
Kysjtym er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg på austsida av dei sørlege Uralfjella, rundt 90 km nordvest for Tsjeljabinsk, nær byen Oziorsk.
Kysjtym Кыштым | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1757 1934 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
45,67 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
41 000 897,7 /km² | ||||
Koordinatar | 55°42′00″N 60°33′00″E / 55.70000°N 60.55000°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 456870 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 35151 |
Atomulykke
endreKysjtym ligg nær det kjernefysiske komplekset Tsjeljabinsk-40, òg kjent som «Majak» («varde» på russisk). Her oppstod det den 29. september 1957 ein kraftig eksplosjon som involverte tørre nitrat og acetatsalt i ein tank med høgradioaktivt avfall. Ulukka forureina eit stort område som mellom anna omfatta Kysjtym. Eksplosjonen skuldast svikt i kjølesystemet til tanken. [1]
Det vart slept ut 40 PBq med fisjonsprodukt. Cerium-144 og Zirconium-95 (begge relativt kortliva isotopar med ei halveringstid på respektive 285 og 64 dagar) utgjorde 91 % av utsleppet. Det var 1 PBq med Sr-90 og 13 TBq med Cs-137. Den forureina sonen, som vert kalla East Urals Radioactive Trace (EURT), målte 300 x 50 km og var forureina med meir enn 4 kBq/m² med Sr-90. Det globale nedfallet av Sr-90 var rundt 2 kBq/m². Eit område på 17 km² var forureina med rundt 100 MBq Sr-90/m².
Det var 270 000 innbyggjarar i området. Masseevakuering vart gjennomført, sidan den kritiske forureina kom frå Sr-90, med ei effektiv halveringstid på 10-20 år. Omkring 800 km² land vart teke ut av bruk. 82 % av dette området er no teke i bruk att, til skogdrift og jordbruk.
Kysjtym-ulukka vart stort sett skjult av sovjetiske styresmakter fram til 1980, då den sovjetiske biologen Zjores Medvedev avslørte hendinga.
Galleri
endre-
Kysjtymkatedralen
-
Egoza, eit 607-meter høgt fjell ved Kysjtym
-
Kysjtym radio & TV-tårn
-
Utsikt mot Kysjtym frå ei av bruene, med ein moske og Sugomakfjellet i bakgrunnen
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Kysjtym» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: