Kjartan Slettemark
Kjartan Slettemark (6. august 1932–13. desember 2008) var ein norsk-svensk kunstnar. Slettemark var fødd i Naustdal i Sunnfjord og budde i Stockholm i store delar av det vaksne livet sitt, der han døydde.[1]
Kjartan Slettemark | |
Statsborgarskap | Noreg, Sverige |
Fødd | 6. august 1932 |
Død |
13. desember 2008 (76 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, performancekunstner, conceptual artist |
Språk | norsk |
Kjartan Slettemark på Commons |
Slettemark var utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo, Statens kunstakademi i Oslo, Gerlesborgskolan og Konsthögskolan i Stockholm. Som eit kunstprosjekt oppretta han ein stat utan territorie, kalla Kjartanistan, der han sjølv var «stasminister». Han var svensk og kjartanistansk statsborgar.
Slettemark fekk kunstnarløn frå den svenske staten. I 2001 vart Slettemark tildelt Norsk kulturråds ærespris.
Onkelen hans var læraren og forfattaren Aasbjørn Slettemark.
Kjelder
endre- ↑ «Kjartan Slettemark er død» av Ivar Longvastøl på Firda.no (13.12.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Skolenettet om Slettemark Arkivert 2004-12-10 ved Wayback Machine.
- Vestfoldmuseet om Slettemark
- Lydfil: NRK-intervju om KjartanistanDenne kunstartikkelen som har med Noreg og Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.