Øya Karmøy
(Omdirigert frå Karmøya)
- Denne artikkelen handlar om øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis. For kommunen, sjå Karmøy kommune.
Karmøy (lokalt Karmøyne eller Karmøynå) er ei øy i nordvest i Rogaland, like sør vest for Haugesund. Heile øya ligg i kommunen med same namn. Øya har eit areal på 176,8 km² og er den største øya i Rogaland. Like sør for Haugesund går Karmsund bru over til øya. Karmsundet ligg mellom Karmøy og fastlandet.
Karmøy | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Haugalandet |
Koordinatar | 59°16′N 05°15′E / 59.267°N 5.250°E
|
Areal | 176,8 km² |
Lengd | 30 km |
Breidd | 8,5 km
|
Høgaste punkt | Søre Sålefjell (132 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Rogaland |
Største busetnad | Kopervik (6592 innb.)
|
Dei største busetjingane på Karmøy er Kopervik, Åkrehamn, Skudeneshavn og Avaldsnes. Haugesund lufthavn, Karmøy ligg heilt nord på øya.