Kaliumnitrat
kjemisk sambinding
Kaliumnitrat eller salpeter er ei kjemisk sambinding med kjemisk formel KNO3. Kaliumnitrat er eit oksiderande salt av salpetersyre. I fast form er det eit kvitt, krystallinsk stoff.
Bruk
endreKaliumnitrat er ein viktig del av kunstgjødsel.
Saltet vert nytta i nokre typar sprengstoff, mellom anna svartkrutt.
Kaliumnitrat har E-nummer 252 og vert nytta til konservering av mat.
Biologisk rolle
endreNitrationet, med formelen , blir nytta av planter i oppbygginga av klorofyll og aminosyrar. Ionet blir òg nytta av bakteriar i jorda som nyttar den kjemiske energien som blir løyst ut når nitrat blir omdanna til nitritt. Nitritt blir av andre bakteriar omdanna til nitrogen i gassform.