John Giblin
John Giblin (26. februar 1952–14. mai 2023) var ein skotsk bassgitarist og ein internasjonalt anerkjend studiomusikar.
John Giblin | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lanarkshire | ||
Død | 14. mai 2023 (71 år) | ||
Fødenamn | John Giblin | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar, bass | ||
Verka som | bassist, gitarist |
Giblin var kjend for å vere allsidig, og spelte i mange forskjellige stilar. Han spelte òg kontrabass.
Sjølv om han var mest kjend som studiomusikar var Giblin òg nært knytt til enkelte band og artistar. Han vart først kjend som den andre bassgitaristen for jazzrockgruppa Brand X, og spelte på dei to siste albuma deira, Product i 1979 og Do They Hurt? i 1980 (i lag med Percy Jones). Han samarbeidd òg mykje med John Martyn, Simple Minds, Kate Bush og Peter Gabriel (og var medlem av konsertbandet til Gabriel kring 1980).
Samarbeid
endreJohn Giblin arbeidde mellom anna med:[1]
- Brand X (Product og Do They Hurt?)
- Eric Clapton, Sting, Mark Knopfler, Phil Collins (Concert for Montserrat)
- Peter Gabriel (Birdy og Peter Gabriel III)
- David Sylvian
- Masami Tsuchiya (Mod' Fish, Forest People)
- Kate Bush (50 Words for Snow, Aerial, Babooshka, Never For Ever, The Sensual World, The Red Shoes)
- Phil Collins-songar som «In the Air Tonight» og «Can't Hurry Love» (Face Value, Hello, I Must Be Going!)
- Alan Parsons (On Air)
- Scott Walker (Tilt)
- Al Green
- Duncan Browne
- Joan Armatrading
- John Lennon (Grow Old with Me)
- Annie Lennox (Kontrabass på MTV Unplugged, inkludert «Why»)
- Roberta Flack
- Paul McCartney (konsert i Royal Albert Hall i London)
- The Everly Brothers
- George Martin
- Gerry Rafferty
- Mavis Staples
- Simple Minds (Once Upon a Time; Live in the City of Light; Street Fighting Years)
- Jon Anderson (Animation)
- Manfred Mann's Earth Band
- John Martyn (Grace and Danger, On the Cobbles)
- Elkie Brooks (Pearls og Shangri-La)
- Richard Ashcroft
- Chris de Burgh
- Franco Battiato
- Eros Ramazzotti
- Claudio Baglioni
- Manolo García
- Fish (Vigil in a Wilderness of Mirrors)
- Jakko Jakszyk: (The Bruised Romantic Glee Club)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Giblin» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Credits: John Giblin». Allmusic. Henta 17. mai 2023.