Jizan-regionen
Jizan- eller Jazan-regionen (arabisk جازان, romanisert Jāzān) er den nest minste regionen i Saudi-Arabia. Han strekkjer seg kring 300 km langs sørkysten av Raudehavet, like nord for Jemen. Han dekkjer eit område i 13 457 km² og eit folketal på 1 567 547 i 2017. Hovudbyen er Jazan.
Jazan | |||
جازان | |||
Region | |||
Foto: Bandar Yuosef | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Del av | Regionar i Saudi-Arabia | ||
Hovudstad | Jazan | ||
Areal | 13 457 km² | ||
Folketal | 1 567 547 (2017) | ||
Postnummer | 09 | ||
Jizan-regionen 17°30′N 42°30′E / 17.5°N 42.5°E | |||
Kart som viser Jizan-regionen.
| |||
Wikimedia Commons: Jazan Province |
Regionen omfattar over 100 øyar i Raudehavet. Jazan er det fattigaste området i Saudi-Arabia, og 34 % av dei saudiarabiske familiane i Jazan lever i fattigdom.[6] Farasanøyane, det første verneområdet i Saudi-Arabia, er heimstad for den utryddingstruga arabiske gasellen og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa.
Geografi
endreRegionen er delt inn i tre område.
- Det indre fjellområdet Al-Sarawat, som stig til kring 3000 meter over havet.
- Skogområdet Alhazoun består av skogar og frodige marker.
- Slettene som er kjende for produksjon av kaffibønner, kornavlingar og frukt.
Sjølv om klimaet i høglandet liknar det relativt våtare klimaet i 'Asir, vert kystområda i Jazan-provinsen rekna som ein del av Tihamah, og er truleg det varmaste området i landet, med ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 40 °C i juli til 31 °C i januar. Høg råme frå kystlagunane gjer at klimaet er enno meir ubehageleg. Det kjem særs lite nedbør her, mindre enn 75 mm i året. Sabya ligg i midten av regionen, mellom fjella og kysten.
Inndeling
endreRegionen er vidare delt inn i 14 guvernement som følgjer:
Namn | Arabisk namn | Folketeljing
15. september 2004 |
Folketeljing
20. oktober 2015 |
---|---|---|---|
Abu Arish | ريش | 123 943 | 197 112 |
Alddair | الدائر | 49 239 | 59 494 |
Alddarb | الدرب | 52 062 | 69 134 |
Ahad Almasarihah | أحد المسارحة | 70 038 | 110 710 |
Alaridah | العارضة | 62 841 | 76 705 |
Alaydabi | العيدابي | 52 515 | 60 799 |
Alharth | الحرث | 47 073 | 18 586 |
Alraith | الريث | 13 406 | 18 961 |
Baish | بيش | 58 269 | 77 442 |
Damad | ضمد | 62 366 | 71 601 |
Farasan | فرسان | 13 962 | 17 999 |
Jazan | جازان | 255 340 | 157 536 |
Sabya | صبياء | 198 086 | 228 375 |
Samtah | صامطة | 128 447 | 201 656 |
Total provins | جازان | 1 187 587 | 1 365 110 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jizan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex, 1433H - 2012D (2)». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Population ( 15 Years and Above ) By Administrative Area and Sex-2014». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Saudi Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex,1432H - 2011D». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Population ( 15 Years and Over ) By Administrative Area and Sex,1432H - 2011D». Henta 10. juli 2020.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 «تعداد السكان والمساكن». Henta 10. juli 2020.
- ↑ «Poverty in the Kingdom of Gold». Henta 24. august 2013.