Flyging
(Omdirigert frå I flukt)
Flyging er det å røra seg gjennom lufta utan å ha kontakt med bakken. Ei rekkje dyr flyg ved hjelp av venger som dei kan bruka til å oppnå løft og gli på luftstraumar med. Fleire menneskeskapte fargreier kan også flyga ved hjelp av ulike teknikkar, som mekaniske venger, propellar og ballongar. Læra om rørsle i luft kallar me aerodynamikk.
Flaggermus og mange fuglar og insekt er kjende for å kunna flyga. Flygeekorn og flygefisk kan berre få til glideflukt. Menneskeskapte luftfartøy er mellom anna fly, helikopter, luftskip og varmluftsballong.
Bakgrunnsstoff
endre Denne fysikkartikkelen som har med biologi og teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.