Heimedatamaskin
Heimedatamaskin er eit forbrukarvenleg ord for andregenerasjons mikrodatamaskinar som var populære på slutten av 70-åra og heile 80-talet. Det var dåtidas masseproduksjon av sillikonbrikker gjorde prisen låg nok til at ein hadde råd til å skaffe seg ein datamaskin som ein òg kunne nytte i heimen. Desse maskinane nytta som oftast ein 8-bits mikroprosessor, som oftast MOS 6502 eller Zilog Z80.
Form og farge på ein heimedatamaskin kunne variere, spesielt ifrå ein produsent til ein annan. Hovudprinsippet var likevel det same: Eit tastatur, med hovudkort og TV-modulator innbygd i tastaturet. Spel og anna programvare vart lasta inn anten ved hjelp av ein ekstern kassettspelar eller diskettstasjon, eller ved at ein kopla ein programkasett bakpå tastaturet. Då slapp ein å måtte vente på at programmet/spelet skulle lastast.
Mange maskinar kunne og tilkoplast skrivar, modem, eller anna tilleggsutstyr.
Heimedatamaskinar vart nytta både som omgrep og plattform heilt fram til byrjinga av 90-talet, då ein meir og meir nytta IBM kompatible, personlege datamaskinar.
Utbredte heimedatamaskiner
endre- Juni 1977: Apple II (Nordamerika (NA)) (fargegrafikk, åtte ekspansjonsportar)
- August 1977: Tandy Radio Shack TRS-80 (NA) (første heimedatamaskin under USD 600)
- Desember 1977: Commodore PET (NA) (første datamaskin med tastatur, skjerm og lagringsmedium integrert)
- 1979: Atari 400/800 (NA) (første datamaskin med spesiallaga integrerte kretsar og programmerbar grafikkbrikke)
- 1980: Commodore VIC-20 (NA) (under USD 300; første datamaskin som selde meir enn en million eksemplar)
- 1980: TRS-80 Color Computer (NA) (Motorola 6809 prosessor, OS-9 multi-user multi-tasking operativsystem)
- Juni 1981: Texas Instruments TI-99/4A (NA) (første 16-bits heimedatamaskin)
- August 1981: IBM PC (NA) (Ikkje en heimedatamaskin i eigentleg forstand, men den første i en ny generasjon datamaskiner for personleg bruk)
- 1981: Sinclair ZX81 (Europa) (kunne fåes både som byggesett og som ferdig datamaskin)
- 1981: BBC Micro (Europa) (tatt fram i Storbritannia i undervisningsøyemed, med avansert BASIC og integrert assembler)
- April 1982: ZX Spectrum (Europa) (den mest selde hemiedatamaskin i Storbritannia)
- August 1982: Commodore 64 (NA) (verdas bestselgende datamaskin, over 30 millionar seld)
- 1983: MSX (Japan) (eit samarbeid mellom ASCII ogMicrosoft, produsert av fleire selskap)
- January 1984: Apple Macintosh (NA) (første på marknaden med mus og grafisk brukargrensesnitt, første hybrid 16/32-bit)
- 1984: Amstrad/Schneider CPC- og PCW- seriar (Europa) (populær i Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland. 3 millionar CPC og 8 millionar PCW selde)
- 1985: Atari ST (NA) (den første med innebygd MIDI-grensesnitt; også første med 1MB RAM for under USD 1000)
- Juli 1985: Commodore Amiga (NA) (spesialbrikker for grafikk, lyd og I/O; multitaskande operativsystem)
- 1987: Acorn Archimedes (Europa) (32-bits ARM mikroprosessor; svært kraftig då den kom)