Færing
Ein færing er ein open, spissgatta robåt med to par årar, og ofte òg med segl, òg er utbreidd frå Rogaland til Finnmark[1]. Færingen har vore i bruk i svært lang tid og er oftast mellom 12 og 14 fot lang. Færingen er truleg av de eldste robåtene i Noreg, og var i bruk ei god stund før vikingtida; Halsnøybåten frå rundt år 400 var ein færing, det var òg Gokstadfæringen frå rundt år 900.
I gamle dagar hadde så godt som kvar gard langs kysten nord for Agder minst ein færing. Han vart nytta til fiske nær land, transport av sauer og geiter når dei skulle på beite på holmar og øyer, eller når dei måtte transporterast over fjorden. Han vart òg nytta for å transportera høy, ved, varer frå handelsmannen og fleire andre oppgåver. Der dei ikkje hadde annan kyrkjebåt for dei til kyrkja og tinget i færing.
Midtrom
endreNokre færingar har eit ekstra rom utan kneipar, mellom dei to rorsromma. Dette rommet vart kalla «hundrom» og færingar med slike rom vart kalla «hundromfæring»[1]. Andre namn på midtrommet var «bunkerom» og «kobberom», som førte til at båtane vart kalla «bunkerømming» respektivt «kobberømming» (eller «kobring»)[2]. Lengda på midtrommet kunne variera frå 1/4 til 3/4 (halvtredjerømming)[2]. I Trøndelag vart ein færing med 3/4 midtrom kalla «storfæring», ein med 1/4 midtrom vart kalla «liten færing» og ein utan midtrom vart kalla «småfæring»[2]. På Nordmøre vart færingar med midtrom kalla «melfæring»[3][1].
Etymologi
endreFæring kjem frå det gamalnorske ordet feræringr, som tyder "med fire årar" (to årepar).
Galleri
endre-
Krumstemningsfæring (vanlig i Hålogaland fram til tidlig på 1800-talet) på Nordlandsmuseet i BodøFoto: Olve Utne
-
Innherredsfæring under Råseglseminaret 2015 i Valsøyfjorden.Foto: Olve Utne
-
Geitbåtfæringen «Glomstadgeita».Foto: Olve Utne
-
Sunnmørsfæring rodd av to mann.Foto: Andreas Vartdal
-
SnebetnfæringFoto: Andreas Vartdal
-
Færing i Balestrand; måleri av Hans Dahl
-
Færing i Sognefjorden
-
Færingen vart ofte nytta som skyssbåt.Foto: Paul Stang
-
Frå Hardanger i 1892: Kyrkjefolket kjem att i færingar.Foto: Axel Lindahl
-
Kvinner i finstasen i Hardanger.
-
Færing med sprisegl i Hardanger.Foto: Knud Knudsen