Denne artikkelen handlar om distriktet. For elva, sjå Broye-elva.

Broye er eitt av sju distrikt i kantonen Fribourg i Sveits. Distriktet har eit areal på 173,9 km² og hadde 26 525 innbyggarar i 2010. Broye er delt opp i fire enklavar, dei to største ligg ved Neuchâtelsjøen, dei to minste ligg straks sør om dei andre to.

Broye
Bezirk Broye
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Schwyz
Del av Broye
Hovudstad Estavayer-le-Lac
Areal 173,88 km²
Folketal 26 525  (2010)
Kommunar 30
Kart
Distriktet Broye
46°49′19″N 6°54′09″E / 46.821944444444°N 6.9025°E / 46.821944444444; 6.9025
Kart som viser Distriktet Broye.
Kart som viser Distriktet Broye.
Kart som viser Distriktet Broye.
Wikimedia Commons: Broye (district)

Broye omfattar 30 kommunar. Hovudstaden Estavayer-le-Lac er den einaste kommunen med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bussy, Châbles, Châtillon, Cheiry, Cheyres, Cugy, Delley-Portalban, Domdidier, Dompierre, Fétigny, Gletterens, Léchelles, Les Montets, Lully, Ménières, Montagny, Morens, Murist, Nuvilly, Prévondavaux, Rueyres-les-Prés, Russy, Saint-Aubin, Sévaz, Surpierre, Vallon, Vernay, Villeneuve og Vuissens.

Fransk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder

endre